Lokal | 17. nov. 2015

Ny fartsgrense forbi Lyssand

Delar av Hegglandsdalsvegen er mørklagt og utan fortau. No er fartsgrensa redusert.

Ny fartsgrense forbi Lyssand
Tidleg på ettermiddagen måndag blei dette skiltet sett ut i Hegglandsdalsvegen. – Det burde heller stått «manglande veglys» som årsak, meiner nabo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. nov. 2015 21:26

Onsdag i førre veke skreiv vi om 300 meter av Hegglandsdalsvegen, mellom Hauge og Vallabrua, som er utan veglys.

Les òg: Den mørkaste skulevegen i Os?

I går blei fartsgrensa redusert frå 50 til 40 km/t forbi det aktuelle strekket.

– Godkjent for to veker sidan

Den reduserte fartsgrensa er ikkje eit lynraskt resultat av omtalen av manglande veglys, men eit noko forseinka resultat av stenginga av Borgavegen.

– Vi søkte om tiltaket i samband med utbetringa av Borgavegen. Sjølv om elevane blir køyrd med buss er det fleire fotgjengarar i området, blant anna om ettermiddagen, på veg til fritidsaktivitetar, seier prosjektingeniør Siri Langhelle i Os kommune.

Tiltaket blei godkjend hos Statens vegvesen for to veker sidan. Så var det bestilling og utplassering av skilt, som altså var i går.

– Vegen tilfredsstiller ikkje krav til å bli redusert til 40 km/t, men vi gjorde eit unntak sidan den kommunale vegen er stengt, seier Remy Furevik frå Statens vegvesen.

– Håper det står til våren

Nabo til det mørke strekket på vegen, Erik Ask, er glad for at redusert fartsgrense er på plass.

– Mens vi ventar på fortau og nokre lyktestolpar så er dette betre enn ingenting. Eg synest det er litt rart at det går to veker frå godkjenninga til to mobile skilt er sett ut, men eg er glad det kom.

Furevik seier det er godkjent med nedsett fartsgrense i eit halvt år. Arbeidet med Borgavegen kan resultera i at vegen opna for fotgjengarar i desember.

– Skilta vert stående så lenge det er arbeid i Borgavegen. Noko meir kan eg dessverre ikkje love, seier Langhelle.

– Det burde heller stått «manglande veglys» enn «midlertidig skuleveg», og eg håper i det minste at skilta står til april, til kveldane er lyse igjen, seier Ask.

– Å håpa på veglys denne vinteren er vel for drygt, men dei bør vera på plass til hausten igjen, meiner han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.