Kultur | 10. feb. 2011

Ny fest på Tysnes

I førre veke blei det kjent at Madcon kjem til Tysnesfest, i dag slepp arrangørane namnet på årets headliner.

Ny fest på Tysnes
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. feb. 2011 06:31

«Hold the Line», «Rosanna» og «Africa», det amerikanske bandet TOTO skal på «Greatest hit Tour» i Europa, og Tysnesfest er blant stoppestadane.

Før jul fortalte tysniesingane at Hellbillies er aktuelle for Tysnesfest i år, i førre veke blei det kjent at dei norske rapparane Madcon kjem. I dag slepp arrangørane årets headliner; studiomusikarane frå Los Angeles som sidan starten i 1977 har selt nærmare 30 millionar album.

- Vi har vakse frå år til år og landa i fjor på eit nivå vi trur vi bør ligga på framover, seier festivalleiar Sigvard Madsen til Midtsiden.no.

Frå 2009 til 2010 auka TYsnesfest frå 13.000 til 17.000 gjestar alt i alt.

TOTO på tur
TOTO blei danna av ei gruppe studiomusikarar i slutten av 70-talet. Bandmedlemmane har spelt med artistar som Michael Jackson, Elton John og Paul McCartney, og trengte ikkje bruka lang tid på å slå gjennom med eigne hits.

Turneen TOTO no legg ut på er til ære og støtte til medlemmet Mike Porvaro, som har sjukdomen ALS. Mike er bror til Jeff Porcaro, som døydde i 1992 og Steve, som er med på turneen og konserten på Tysnes.

Stjernegalleriet som TOTO består av på Tysnes fredag 8. juli er: Steve Lukather (gitar/vokal), David Paich (keyboard/vokal) og Steve Porcaro (keyboard/vokal) frå originalbesetninga i 1977 og Joseph Williams (vokal) og Simon Phillips (trommer). I tillegg har dei med Nathan East (bass), som blant anna har vore fast musikar for Eric Clapton.

Les meir om TOTO på Wikipedia og om turneen på toto99.com.

Utvidar festivalen
Med omsetnad i 2010 på over 6 millionar kroner har Tysnesfest-arrangørane no profesjonalisert drifta yttarlegare, og blant anna organisert seg som stifting.

- Omsetnaden har blitt stor, men det har også utgiftene. Vi har gått i balanse og litt i pluss, men vil no bli endå flinkare gjennom heile året med å halda orden på alle tal, seier Madsen.

Sjølv om han no meiner Tysnesfest har vakse seg store nok på ei stund, blir det ei lita utviding i år.

- Vi startar tidlegare i år, onsdagen i staden for torsdag, som har vore startdag dei siste åra. Dette er femte året, så då passar det bra med fest i fem dagar, seier Sigvard.

Årets Tysnesfest startar onsdag 6. juli.

Slepp snart fleire band
Tysnesfest nøyer seg heller ikkje i år med nokre få store dragarar. I fjor kunne dei by på blant The Hooters, Jahn Teigen, WigWam, A1 og Donkeyboy.

Alt tyder på at ikkje Madcon og TOTO blir dei einaste kjente namna på årets plakat.

- Det stemmer. Vi har bestilt fleire andre kjente, men slepp ikkje namna før kontraktane er i boks. Utover februar og mars kjem vi med fleire, seier Madsen dagen før billettane til TOTO blir lagt ut for sal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.