Ny festhelg ved fjorden
I går starta Tysnesfest med fullsett sal på alle arrangement. Her er nokre av høgdepunkta – dag for dag - om du får tak i festivalpass før det er utselt ...


Etter tre helger på rad med festlege aktivitetar i Os, marknadsdagar, Osøren Blues og Jazzfestival og Søfteland Rock N LOL, er det no mange som hoppar i båten eller på ferja for å kryssa Bjørnefjorden og oppleva Tysnesfest.
– Vanlegvis har vi hatt litt utfordring med å få nok publikum onsdag og torsdag, men i går var vi utselt på alle arrangement og i dag fekk vi ein brakstart med fullt hus på festivalfrukost, fortel Sigvard Madsen.
– I år har vi utvida campen til det doble, men eg har fått melding om at den er full. Det er ikkje endeleg stadfesta, men det går mot rekord. Vi var også utselt for festivalpass, og har utvida med 500, men dei kjem nok til å bli selt på nokre timar, for det legg nye båtar til kai i eitt sett her.
Tidleg i år blei det klart at Kaizers Orchestra kjem til Tysnesfest i år, etter ønskje frå publikum.
Men Tysnesfest har som vanleg fleire store namn å by på, blant anna desse:
Onsdag: Helene Bøksle (kyrkjekonsert)
Torsdag: Veronica Maggio, Stine Larsen og Kim Larsen & Kjukken
Fredag: Bjørn Eidsvåg, Gabrielle, ORBO & The Longshots og Kaizers Orchestra
Laurdag: LidoLido (dagtid), show med Pelle Politibil (dagtid, naturlegvis), Marit Larsen, Markus Krunegård, Aqua, Brighton og CC Cowboys
Søndag: Mari Boine og Ailie Jane Reid
Utanom konsertane byr Tysnesfest på fleire aktivitetar og arrangement, frå tandemturar med paraglider og kassabillaup til standup, foredrag og sjørøvartokt.