Sport | 28. sep. 2020

Ny giv i bordtennisklubben

Held informasjonsmøte på Søre Neset for å sjekka interessa.

Ny giv i bordtennisklubben
Tor Arne sin son, Andreas Lind Olsen, i sving med rackerten. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. sep. 2020 14:04

I november 2017 fortalte initiativtakarar om planlagt oppstart av bordtennisklubb på Søre Neset.

Ein kameratgjeng hadde fått ein far på Søre Neset til å engasjera seg, Tor Arne Olsen har bakgrunn som aktiv bordtennisspelar.

– Vi kom ikkje heilt i gang den vinteren. Klubbhuset, som vi skulle bruka som midlertidig lokale, var mykje opptatt, forklarer Tor Arne.

Noko har likevels skjedd i mellomtida. Klubben er starta, som avdeling av Søre Neset idrettslag, og dei har fått to bordtennisbord av forbundet.

– Klubbhuset er framleis mykje i bruk av FFO på dagtid, men no får vi faste kveldar som bordtennisklubben kan disponera lokalet.

– Men først vil vi gi informasjon til dei som er interesserte. Blir det fart i klubben, så vil vi nok sjå etter større lokale og fleire bord.

Informasjonsmøtet blir i klubbhuset til Søre Neset il tysdag kveld.

– Det er allereie ein lokal gjeng som liker sporten godt. Dette er eit lågterskeltilbod og ein fin individuell idrett som er raskt gjort å bli ganske god i, seier Olsen.

– Det kan dessutan vera ein fin og sosial aktivitet når vi no går inn i den mørke årstida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.