Lokal | 11. juli 2012
Ny helg med sol?
Ja, meiner Storm, nei, trur Yr.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. juli 2012 08:33
Temperaturar på rundt 25 gradar, som vi hadde fredag og laurdag, kjem ikkje tilbake med det første, men sola skal vi sjå meir til om ikkje så lenge.
Søndag og måndag blei finare enn venta, dei neste dagane blir ganske kalde og våte.
Både Storm og Yr melder rundt 14 gradar og 1 (Storm) til 4 mm (Yr) nedbør i Os torsdag og fredag.
Yr trur det også skal regna gjennom helga medan Storm melder finare vêr, sol og lettskya frå laurdag og skyfri himmel og 16 gradar tysdag.