Damian Garbacik (22) kjem frå to øvste nivå i Polen til Lysekloster. Danilo Suarez er ny keepertrenar. (Foto: Henrik Sandtorv, Lysekloster il)

Ny keepertrenar og polsk toppspelar

– Stallen tel 13 spelarar til no, seier Ruben Hetlevik.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I romjula blei det klart at Mirza Mujcic (24) er tilbake på Lysekloster frå Brattvåg etter å ha gjort god figur for Munkene hausten 2017.

I dagane etter har det vore signering av fleire frå 2018-stallen, som Eskild Båsen, Szymon Walczak, Even Vetås og ungdomane Lars Hadler-Olsen og Erlend Instebø.

Vladan Radojkic har gått til Nest-Sotra, Kristoffer Gunnarshaug til FK Haugesund

– Stallen er oppe i rundt 13 spelarar, seier hovudtrenar Ruben Hetlevik.

– Ikkje alle frå 2018-stallen er avklart enno. Vi er blant anna framleis i samtalar med keeperane Kjetil Hansen og Thomas Hille.

Med seg i trenarteamet har han spelarutviklar Jacob Nielsen og analytiker Henrik Sandtorv. No er også ny keepertrenar på plass.

Suarez overtar etter Elvenes

Lysekloster har avslutta engasjementet med Ketil Elvenes, som etter fem år i Os (2009-2013) fekk fem år (2014-2018) for Lysekloster.

– Eg har hatt ei grei til i Lysekloster, og skulle gjerne hatt ein sesong eller to til. Men har forståing for at dei vil prøva noko nytt, seier den tidlegare Brann-keeperen til Midtsiden.

Han har førebels ikkje tatt på seg trenarjobb i ny klubb.

– Det har kome nokre førespurnadar, men eg ønskjer ikkje å ha så lang reiseveg, så vi får sjå. Det kan kanskje vera godt med eit friår òg, eg har faktisk anten spelt eller vore trenar kvar einaste sesong sidan eg var 6 år gamal, seier 58-åringen.

Ny keepertrenar er ein annan erfaren mann, Danilo Suarez (53). Han kom frå Chile til Noreg på 80-talet, og jobbar som ungdomsskulelærar, der han underviser i gym og spansk.

– Då det blei klart at vi skulle prøva ein ny keepertrenar er eg glad vi fekk Danilo med på laget. Han er ein kjent figur i lokalfotballen, og har blant anna trent Kjetil Hansen før, seier Ruben.

– For meg så er ein god keeper i dag ein både innehar tradisjonelle keeperferdigheiter, som skotstopping, kommunikasjon og god posisjonering. I tillegg så krev den moderne fotballen at keeperen skal kunna bruka beina og i større grad vera ein «play-maker», seier Danilo i intervju med lysekloster.no.

Henta forsvarsspelar frå Polen

Ved sidan av å signera eksisterande spelarar har Lysekloster fått nye namn i stallen. Ny keeper, polske Maciej Raniowski (22), kom frå Brodd til Lysekloster før jul.

Raniowski sette Lysekloster i kontakt med ein annan talentfull landsmann, Damian Garbacik (22).

– Damian har spelt for ungdomslandslag i fleire år opp til U20, og han har spelt på øvste og nest øvste nivå i Polen.

– Han hadde første trening med oss torsdag, og det såg lovande ut, seier Ruben Hetlevik.

Fleire saker