Politikk | 29. aug. 2019

Ny kommune – nye mogelegheiter for vekst og utvikling

Lesarinnlegg: Aud-May Boge frå Bjørnafjorden Høgre om framtidas kommune.

Ny kommune – nye mogelegheiter for vekst og utvikling
Aud-May Boge. (Foto: Bjørnafjorden Høgre)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 29. aug. 2019 07:07

Det viktigaste arbeidet dei neste fire åra vert å få Bjørnafjorden kommune til å fungera. Arbeidet vil nok verta krevjande, men det vil også gje nye mogelegheiter.

I Høgre ynskjer vi å vidareføra det som har vore vellukka i dei to kommunane våre, slik at innbyggjarane i Bjørnafjorden skal oppleva å få like gode, eller endå betre tenester i åra som kjem. Kommunen skal ha ei handlekraftig politisk styring med fokus på utvikling av heile den nye kommunen, og på at tenestene alltid skal utviklast utifrå behovet til brukaren.

Vi går til val på å drifta kommunen utan eigedomsskatt. Dette er i seg sjølv krevjande, men vi vil finna fram til smarte løysingar for å unngå kutt i tenestene.

Skulestrukturen i Bjørnafjorden skal oppretthaldast. Vi vil ha fokus på kosthald i skulen, og setja helse, ernæring og skulemat på dagsorden. Det viktigaste for oss er å skapa gode haldningar hos born og unge, og å bruka pengane på undervisninga til den enkelte elev. I tillegg vil vi utarbeida ein strategi for å motverka barnefattigdom i kommunen vår.

Kvalitetsreforma «Leve Hele Livet» skal mellom anna forbetra aktivitet og fellesskap hos eldre. Bjørnafjorden Høgre lanserer idèen om å leggje til rette for etablering av seniortun i bygdene. Eldre som ikkje lenger ynskjer å bu i ein stor einebustad skal kunna etablera seg i ny tilrettelagd bustad i nærområdet og soleis kunna oppretthalda gode og veletablerte fellesskap. For kommunen vil dette gje ein effektivitetsgevinst dersom helse og omsorgstenester skal leverast, og i tillegg vil barnefamiliar få anledning å busetja seg i etablerte einebustader. Slik oppnår ein vekst og liv i bygdene.

I forhold til infrastruktur vil Høgre starta forprosjekt «fjordkryssing», og arbeida for ein betre internkommunikasjon i kommunen. Vi vil også vera ein pådrivar i samferdsleprosjektet E134 Hordalandsdiagonalen, med trase gjennom Fusa og påkopling til E39 i Os.

Meiningane om Hordfast og Bjørnafjordsbrua er mange, både innad i Os og Fusa og i nabokommunane. Høgre sitt utgangspunkt er at brua er del av eit europavegprosjekt, der trasevalet er gjort. I Høgre er vi derfor klare på at vi ikkje skal bruka tid og ressursar på denne brua no.

Bjørnafjorden Høgre vil også ha eit ekstra fokus på frivilligheten i dei neste fire åra. Denne er under sterkt press, samtidig som vi veit at vi er heilt avhengige av dei frivillige for å kunna oppretthalda mange av dei tilboda vi har lokalt. Pårørande som ressurs vil vera eit satsingsområde i komande valperiode. Vi vil sikra at kommunen kjem tidleg nok inn med sine tenester.

Bjørnafjorden Høgre har mange dyktige kandidatar på vallista. Fleire av dei med lang politisk erfaring, også som ordførar og varaordførar.

Dersom du ynskjer vekst og utvikling, og meinar at forutsigbarheit og god politisk styring er viktig, kan du trygt gje di stemme til Høgre denne gongen. Vi er alle klare for oppgåva!

Godt val!

Aud-May Boge

2. kandidat for Bjørnafjorden Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.