Onsdag kunne ein særs nøgd Oseanadirektør, Ole Tobias Lindeberg, presentera siste skot på Oseanastammen.
– Vi har i dag tilsett Marianne Gathe som kunstformidlar/kurator i Griegsamlinga og Hvelvet.
Les òg: Vil ha meir fokus på kunsten
Gathe er utdanna kunsthistorikar og har lang erfaring som gründer og dagleg leiar av kunstgalleriet ”Galleri Gathe” i Bergen.
– Marianne er ein person med akkurat den erfaringa og kompetansen vi treng.
– Ho vil få ei sentral rolle i den vidare utviklinga av kunstdelen i Oseana Kunst- og Kultursenter. Vi går ei spanande tid i møte, slår ein stolt direktør fast.
Gathe tiltre stillinga 1. septeber
Maritim inspirert sommarutstilling
Samstundes med at direktøre presenterer den nye kunstformidlaren fortel kulturhusvert Janne Mari Hjelle om sommarens utstilling i Hvelvet.
– Laurdag 14. juni opnar vi Herbert Wiegand si utstilling «Sjø – Land».
-Dette blir ei særs spennande og flott utstilling som vi har god tru på vil falle i smak hos publikum, seier Hjelle.
Utstillinga består av over hundre grafiske arbeid, sett saman til ei ”reise” som vil strekke seg over 40 meter på veggane inne i Hvelvet. Installasjonen viser synsinntrykk frå ei reise langs norskekysten.
– Sjølv om motiv er henta frå Sunnmøre, trur eg både den jamne vestlending og andre som har reist litt rundt i landet vil kjenne att mange av landskapa på bilda hans, avslutter Hjelle.