Næringsliv | 29. aug. 2014

Ny lefsefabrikk i Os

Frå april/mai 2015 blir det igjen lefseproduksjon på Os. Hardangerlefsa vil då bli produsert på nye Bøe Lefsebakeri.

Ny lefsefabrikk i Os
Ordførar Terje Søviknes gler seg over at Rolf Tore Bøe og Willy Roger Jacobsen startar oppatt lefseproduksjon på Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 29. aug. 2014 12:17

I dag kom den lokale gladmeldinga; det blir lefseproduksjonen i Os igjen!

Det er no to år sidan den over 50 år gamle produksjonen av Vestlandslefsa blei flytta frå Os til Lierne.
Les òg: Vestlandslefsa blir flytta

I mai i år blei det kjent at produksjonen flyttar igjen, til Stranda.
Les òg: Dette klarte ikkje trønderane

Heilt sidan februar 2012 har ei gruppe beståande av Rolf Tore Bøe – barnebarnet til grunnleggaren av den opprinnelege lefsefabrikken, tidlegare dagleg leiar for Toro lefsefabrikk på Os – Jan Arne Vevatne, Hans Petter Jensen med teknisk kompetanse rundt lefseproduksjon, Tom Fagertun – tredje generasjon av konstruktør og byggar av lefsefabrikken og Willy Roger Jacobsen, eigar av Vossakjøt og Norwegian Food Partner, jobba med å legga grunnlaget for å starta oppatt produksjonen på Os.

– Vi har baksteboka til bestemor med dei opprinnelege oppskriftene.

– Vi skal laga Hardangerlefsa og andre typer tynnlefser som fajitas, wraps og liknande heilt uten kunstige tilsettingsstoffer.

– Det skal vera reint, ærleg og innovativt, fortel Rolf Tore Bøe, som blir medeigar og dagleg leiar i Bøe Lefsebakeri AS.

I det skjulte

Ordførar Terje Søviknes (Frp) er mannen som brakte investor Willy Roger Jacobsen og «Osgruppa» saman.

– Eg møtte Terje på Vestlandskonferansen i Grieghallen 16. februar 2012. Han var travelt opptatt, men eg fekk nemt uroa mi for arbeidsmarknaden når Vestlandslefsa skulle flytta, og at eg hadde erfaringar frå bransjen.

– Han fekk kortet mitt, og berre seks dagar seinare blei eg kontakta av Rolf Tore, fortel Jacobsen.

Jacobsen og Osgruppa sette seg saman, på Jacobsen sitt kontor på Søreide og byrja å utforma planane.

– Det har blitt mange møter etter det.

– For at ingen skulle fatta mistanke måtte vi legga dei utanfor Osbygda, så vi har jobba i det skjulte i to og eit halvt år no, ler Jacobsen, som er glad for endeleg å kunne sleppa nyheiten.

– Ein stor dag for Os

Mindre glad er ikkje ordføraren.

– Dette er ein stor dag for Osbygda. Vi får ei ny produksjonsbedrift i Hegglandsdalen basert på dei gamle lefsetradisjonane.

– Brandet, Hardangerlefsa, er genialt. Knytt til tradisjonane frå Inger Bøe sine oppskrifter og med eit namn som når ut både nasjonalt og internasjonalt.

– No skal du berre sjå at vi igjen får lokalproduserte lefser også på møta i fylkesutvalet og på fylkestinget, ler Søviknes.

Investerer 10-15 millionar

Den nye lefsefabrikken kjem på Lientomta i Hegglandsdalen.

– Det er Lien-familien som byggjer fabrikken, som vi skal leiga. I første omgang blir det eit bygg på 1000 kvadratmeter, men det er skalerbart slik at vi kan utvida etterkvart.

– Det same gjeld produksjonslinjene som vi kjem til å bygga andre stader, parallelt med at fabrikken kjem opp, og som vi flyttar til Hegglandsdalen så fort den står ferdig.

– Vi reknar med å investera mellom 10 og 15 millioner kroner no i oppstarten, fotel Jacobsen.

Dobla omsetnad ikkje urealistisk

Jacobsen, som i ein mannsalder har jobba i næringsmiddelindustrien og med sal av lefser, kaker og liknande, mellom anna for Rieber, Friele og Minde Sjokolade, har stor tru på konseptet.

– Fabrikken til Rieber omsette for om lag 50 millionar kroner i si tid.

– Med det nettverket vi har, så skal vi klare å få produkta distribuert ut til kjedane over hele landet.

– Ei dobling av omsetnaden på sikt er ikkje urealistisk. Det kjem heilt an på kva vi vil, fortel Jacobsen.

– Men éin ting er sikkert, vi skal ha vårt preg på det og ikkje gå på kompromiss med grunnprinsippa frå bestemor sine oppskrifter, legg Rolf Tore Bøe til.

I første omgang vil fabrikken få 5-6 tilsette, men Bøe og Jacobsen ser for seg ei utviding etterkvart.

Dette vil dei produsera

Den nye lefsefabrikken vil produsera tradisjonsprodukter som den ekte Hardangerlefsa, ein variant med spelt og to variantar med spekemat og fårepølse frå Vossakjøt.

I tillegg vil dei produsera nye produkt inspirert av nye spisevanar som Hardangar Wraps, Tortillas og Fajitas.

Produkta vil bli levert både som fryst og som ferskvare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.