Ny leiing i Bjørnafjorden Høgre

Kristin Søfteland-Larsson har overtatt etter Susanne Sperrevik.

Det nye styret i Bjørnafjorden Høgre. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. des. 2019 22:18

Bildeserie:

F.v.: Sperrevik, Søfteland-Larsson og Bruarøy. (Privat foto)
1 av 1
F.v.: Sperrevik, Søfteland-Larsson og Bruarøy. (Privat foto)

Bjørnafjorden Høgre har fått nytt styre og ny leiar.

– Normalt har vi hatt årsmøte i januar eller februar, og val av ny leiar annakvart år, seier avtroppa leiar Susanne Sperrevik.

Ho har vore medlem av Høgre i fem år, dei siste fire som leiar. Det er to årsaker til at nytt styre og ny leiar blei valt no.

– Eg ba for ei tid tilbake styret om å vurdera å veljany leiar kort tid etter valet, så ny leiar fekk god tid til å setja seg inn i ting før neste val. Styret har diskutert dette, og var samstemte i å endra praksis.

I tillegg var det to styremedlemmer som av private årsaker ønskja å gå ut av styret. Sperrevik stilte ikkje gjenval, då ho har nokre travle år framfor seg i jobbsamanheng.

– Eg synest valkomiteen har funne ein glitrande leiarkandidat, seier Susanne om arvtakar Kristin Søfteland-Larsson.

Dette er det nye styret:

Leiar: Kristin Søfteland-Larsson
Nestleiar: Tor Teige
Styremedlemmer:
Bjørn Matland
Kjersti Ellingsen
Sissel Stuberg
Magne Skåtun
Lin Cathrin Anthun.

I tillegg er Marie Elisabeth Lunde Bruarøy i styret grunna sitt verv som gruppeleiar og Ernst Hoff som leiar i Bjørnafjorden Senior Høgre

Søfteland-Larsson, Teige og Ellingsen er valt for to år, dei andre for eitt.

Varamedlemmer: Lisbeth Axelsen, Håvard Mathisen og Arve Samnøy.

Møtet blei halde torsdag 28. november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.