Lokal | 21. aug. 2019

Ny måling: Frp og Høgre manglar eitt mandat

Må kanskje skaffa seg samarbeidspartnar for å halda på makta - men den kan bli vanskeleg å finna.

Ny måling: Frp og Høgre manglar eitt mandat
Marie Lunde Bruarøy (H) og Laila Reiertsen (Frp) då Søviknes i fjor gjekk av som statsråd og kom heim til ordførarstolen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. aug. 2019 06:54

I førre veke viste ei måling Sentio har gjort for BA ein enorm vekst for MDG i Bjørnafjorden, og nedgang for Frp. Frå og Høgre ville fått 9 + 5 mandat om valresultatet blir som målinga, mot 14+4 i dagens kommunestyre i Os.

Respons Analyse har gjennomført ei måling (603 intervjuobjekt) for Bergens Tidende, som tysdag kveld blei publisert på BT.no. Denne viser betre resultat for både Frp og Høgre, men ikkje nok til å behalda makta åleine.

Frp får 31,2 % mot 27,3 i BA si måling, Høgre får 15,8 %, som er betre enn både førre val og førre måling (14,2 %).

– Denne målinga er eit godt utgangspunkt til å driva valkamp, seier Terje Søviknes til BT.

Venstre er halvert til 2,9 %, Ap står nærmast i ro på 20,6 % og KrF er redusert til 3,4 %. MDG får ikkje same oppslutnad som i BA si måling, men får stadfesta at dei er i stor vekst og landar på 12,2 %.

Sjå alle resultata med feilmargin på BT.no.

Samarbeid kan bli hindra av brumotstand

Om valresultatet blir som målinga vil Frp og Høgre til saman få 17 av 35 plassar i kommunestyret. Det betyr at dei manglar eitt mandat for å styra som før.

Men å søkja samarbeidspartnar blant andre parti kan bli vanskeleg. Til BT seier både Jakob Enerhaug (KrF) og Nils-Anders Nøttseter (MDG) at det er utelukka å samarbeida med Frp. Harald Lekven (Sp) og Gustav Folkestad (Venstre) seier saka om bru over Bjørnafjorden kan gjera det vanskeleg å samarbeida med Høgre og Frp.

– Folk spør kven vi vil samarbeida med etter valet, og der er vi pragmatiske. Vi vil samarbeida med dei partia som gir Senterpartiet mest gjennomslag. Kven som blir ordførar er heilt underordna. sa Lekven til Midtsiden i valkampopninga 10. august.

• Meir om: Val 2019

Til samanlikning - valgresultata i 2015

Fusa kommunestyre har 21 medlemmer:
Frp: 2 (246 stemmmer/12,6 %)
Høgre: 3 (293 stemmer/15 %)
KrF: 2 (190 stemmer/9,7 %)
Venstre: 1 (93 stemmer/4,8 %)
Sp: 6 (531 stemmer/27,2 %)
Ap: 6 (499 stemmer/25,6 %)
Uavhengig: 1

Ikkje i kommunestyret i dag:
SV: 56 stemmer/2,9 %
MDG: 41 stemmer/2,1 %

Valdeltaking 67,3 % (1.962 av 2.915 med stemmerett)

Os kommunestyre har 35 medlemmer:
Frp: 14 (3.731 stemmer/39,5 %)
Høgre: 4 (1.156 stemmer/12,2 %)
KrF: 2 (418 stemmer/4,4 %)
Venstre: 2 (612 stemmer/6,5 %)
Sp: 2 (407 stemmer/4,3 %)
Ap: 7 (1.832 stemmer/19,4 %)
MDG: 2 (486 stemmer/5,1 %)
TvS: 2 (649 stemmer/6,9 %)

Ikkje i kommunestyret i dag:
SV: 163 stemmer/1,7 %

Valdeltaking 66,9 % (9.513 av 14.250 med stemmerett)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.