Kultur | 13. feb. 2012

Ny mann på Oseana

Osingen Espen Hjertaas blir ny driftsteknikar på Oseana.

Ny mann på Oseana
Espen Hjertaas har allereie vore i sving i Oseana. Her som friviljug teknikar under UKM (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 13. feb. 2012 13:30

Espen Hjertaas er det siste tilskotet i Oseanastaben. Frå 1. mars tek han til i stillinga som driftsteknikar. Espen kjem frå stillinga som driftsforvaltar av IKT i Helse Vest, og tidlegare også jobba i Telenor.

Espen er fødd og oppvaksen i Os, og er no busett her med sambuar.

Han har i ei årrekke vore engasjert i det frivillige kulturlivet på Os, og mange kjenner han nok frå WT- festivalen, ungdomsklubben, Os Rockeklubb, Ungdom Mot Rus og som lydmann, mellomanna for metalbandet Immortal.

- Espen har ein mangfaldig bakgrunn som vi veit vil passe godt inn og kome godt med på Oseana. Han er ein mann vi gler oss til å få med på laget, seier direktør Kim Kristoffersen i ei pressemelding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.