Fotball | 01. sep. 2010

Ny MidtsidenCup

I slutten av oktober er det tid for gatecup for vaksne på Kuventræ igjen.

Ny MidtsidenCup
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. sep. 2010 13:05

I fjor stilte rundt 500 spelarar fordelt på 41 lag, herre, dame og mix, til gatecup på Kuventræ. Etter innleiande rundar onsdag og torsdag kveld hadde dei beste tatt seg vidare til sluttspel laurdag.

No er dato for årets MidtsidenCup klar.
Innleiande rundar:
Onsdag 27.10 og torsdag 28.10
(kvart lag speler éin av desse kveldane)

Sluttspel og finalar:
Laurdag 30. oktober

Desse er tittelforsvararar:
Dameklassen: Tilbake til fremtiden
Mixklassen: God STIL
Herreklassen: T. Ullrich

Reglar og påmelding
• Aldergrense 16 år (18 år for bankett/festmiddag)
• 7 til 12 spelarar per lag. Uansett skadar eller anna fråvær, kan berre påmeldte spelarar
stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• Maks to aktive spelarar (5.div og opp, 4.div for kvinner).
• 1 straffe i mot per spelar frå 3. divisjon og opp (menn/mix).
• Mix-lag må ha minimum 2 kvinner på banen.
• 2 x 12 min. omgangar
• Puljespel i innleiande rundar, to beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

Påmelding
Send påmelding til kjetil@midtsiden.no
• Namn på lag og namn og mobilnummer til lagleiar
• Namn på alle spelarar (send gjerne påmelding ført og spelarliste seinare)
• Merk av aktive spelarar med divisjon (i parantes bak namnet)

Pris: 200 kroner per spelar
Siste frist for påmelding: Søndag 17. oktober
Frist for sending av spelarliste (inntil 12 spelarar) og betaling: Fredag 22. oktober

Betal cup til:
Os Turn fotballgruppa
Idrettsvegen 41
5200 Os
Kontonr: 3624.20.30022

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.