Kultur | 05. juli 2016

Ny musikkvideo frå Aurora

Måndag slapp Aurora musikkvideoen til «I Went Too Far», låta ho skreiv mesteparten av då ho var ni.

Ny musikkvideo frå Aurora
Aurora slapp måndag videoen til «I Went Too Far» (skjermskot frå videoen)
Andris Hamretirsdag 05. juli 2016 06:56

VGTV måndag ettermiddag slapp Aurora sin femte musikkvideo, då ho slapp videoen til «I Went Too Far». Sjå dei fire første videoane hennar her.

Til VG fortel ho at det mesteparten av låta skreiv ho då ho var ni år gamal.

– Eg observerte nokon som var modige og snille, men som ikkje forlangde respekten og kjærleiken dei fortente. Då eg vaks opp skjønte eg at den slags skjer over alt, i forskjellig grad, seier Aurora i intervjuet.

– Vi bør ikkje gå ned på kne for å bli anerkjend, elska og akseptert, for dét er ikkje god kjærleik. Kjærleik skal berre vera vakkert. Jo fortare vi lærer det, jo lengre tid har vi til å læra å vera snille mot oss sjølv – og dermed forlange å bli pent behandlet.

Sjå videoen til «I Went Too Far» her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.