
Ny nedbemanning hos Beerenberg
Trass nedgang i marknaden har Beerenberg hatt rekordoverskot. Dei har også venta med å kutta, men no må 250 gå.
Kjetil Vasby Bruarøy
Beerenberg, som har produksjonen sin i Os (tidlegare Askeladden-fabrikken), hadde rekordomsetnad på 2,3 milliardar og rekordoverskot på 178 millionar kroner i 2014.
Hausten 2014 kutta dei 150 stillingar, men trass vidare nedgang i oljenæringa har dei ikkje signalisert fleire kutt før no.
Beerenberg vil før jul i år redusera stallen frå 1650 til 1400 tilsette.
Uvisst om nokon i Os må gå
– Eg kan stadfesta at vi er nødt til å nedbemanna med 250 medarbeidarar, og at fleire avdelinger blir berørt, seier kommunikajsonssjef Ole Klemsdal til Midtsiden.
– Vi informerte dei tilsette i førre veke, men vi ønskjer ikkje å gå inn på kva avdelinger det gjeld.
Før kutta i fjor jobba det 75 ved fabrikken i Os. Det gjer det no òg.
– Vi har hovudkontor i Bergen og eit stort avdelingskontor i Stavanger. I tillegg har vi produksjon av topside-serien Benarx på Os. Men hovudtyngda av våre tilsette jobbar ute på petroleumsinstallasjonar, både på land og offshore.
Håper å bruka fortrinnsrett
Safe-tillitsvalt i Beerenberg, Christian Jørgensen, seier til vest24.no at dei tilsette som blir sagt opp jobbar innanfor alle felt i bedrifta, men at det er flest innan overflatebehandling.
Safe har 370 medlemmar i Beerenberg.
– Eg trur ikkje det blir lett å få ny jobb, i alle fall ikjje i oljerelatert verksemd. Men eg håper Beerenberg får fleire kontraktar innan 12 månadar har gått, så kollegaer som mister jobben kan bruka fortrinnsretten sin, seier Jørgensen til vest24.no.