Gamle gymsalen ved ungdomsskulen skal rivast. Nye estimat syner at det nye bygget vil kosta 103 millionar kroner å reisa (foto: Andris Hamre)

Ny pris: 103 millionar kroner

Os U Aktiv har fått nye estimat. 20 millionar høgre enn ramma i budsjettet.

Av: Andris Hamre

I oktober fortalde prosjektsjef Halvor Hanevik at ein var ferdig med å programmera det nye gymsalbygget/badet ved Os ungdomsskule. Bygget som har fått prosjektnamnet Os U Aktiv skulle då detaljteiknast før ein kunne legga det ut på anbod

Prosjektet har modna

I samband med at prosjektsjefen i formannskapet tysdag gav ein status for dei pågåande prosjekta til kommunen kom det fram at estimata for bygget har auka frå 83 millionar kroner, som ligg i investeringsbudsjettet til kommune, til 103 millionar kroner.

– Det er litt av grunnen til at det er viktig å ha ei månedleg rapportering slik som de har etterlyst. Mange prosjekt modnast etterkvart som vi programmerer dei og etterkvart som vi byrjer å sjå på dei tekniske detaljane. Eit døme på det er Os U aktiv.

– Der skal vi ha to klasserom, gymsal kor ein kan spela basket samstundes om ein kan utøva musikk i rom under gymsalen. I tillegg må vi grava ned i leiro og pela bygget ned på fast grunn, slik at det ikkje sklir ut. Når vi no har sett på detaljane og estimert det grundigare ser vi at estimatet er på 103 millionar kroner. Det er same kvadratmeterpris som for Lunde barneskule.

– Difor er det viktig å signalisere at bygget blir dyrare, vi har prøvd å utfordre rammene, men leverer det som står i mandatet og då kjem vi ut med eit høgre estimat, forklarte Hanevik.

Kan endre mandatet

Politikarane satte pris på den nye måten å rapportera på, men lurte samstundes på når dei kunne gripa inn. Saka tysdag blei nemleg tatt opp under politisk kvarter, då Tone Hepsøe (Ap) etterlyste oppfølging av eit ønskje om meir rapportering på prosjekta frå juni 2017.

– Det er flott verktøy for oss som skal sitta og sjå på talla. Det har litt med når overskridingane kjem, men når kjem dette på vårt bord sånn konkret, undra Ståle Skaatun (H).

– Os U Aktiv har vi prosjektert og sagt tidlegare at det skal kosta 83 millionar, no har vi estimert det på nytt etter at prosjektet har modna og då kjem vi i denne summen. Så må de seie kva de vil gjera. Om vi skal ta ut noke eller om de vil endra mandatet vårt. No får de moglegheiten til å tenka nytt. Det er ingenting her som er høg kvadratmeterpris, presiserte Hanevik.

– Det er kjempebra det, men 20 millionar er 20 millionar for oss som sit rundt dette bordet. Ein ting er at det blir prosjektert ferdig fram til 103 millionar, men er det berre brukergruppa som skal vera med å bestemme, eller kjem det som spørsmål til oss, spurte Skåtun.

– Gjennom tertialrapporteringa kjem dette opp, svara ordførar Marie Bruarøy (H).

– Men då tenkjer eg at vi blir litt fanga. Då blir det enten slik at må vi løyve dei 20 millionane eller så må vi skrinlegga prosjektet, påpeika Skaatun.

Kjem eiga sak

Etter litt fram og tilbake svara rådmann Christian F. Fotland at dei vil få eiga sak på det.

– Når det er i den størrelsesorden som her, så lager vi ein eigen sak der vi beskriv prosjektet i sin heilskap, slik at de kan ta stilling til det. Også om det er noko som skal takast ut.

Fleire saker