Lokal | 23. mars 2015

Ny pris: 27,4 milliardar

E39 Stord-Os: Nye berekningar frå Statens Vegvesen syner at bru over Bjørnafjorden frå Ådland på Stord til Svegatjørn vil kunne kosta 27,4 milliardar.

Ny pris: 27,4 milliardar
Strekket frå Ådland på Stord til Svegatjørn i Os er no berekna å kosta 27,4 milliardar kroner (ill: Statens vegvesen, foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 23. mars 2015 11:40

Då ferjefri E39 blei lansert for to år sidan var prislappen frå Kristiansand til Trondheim på 150 milliardar kroner, og ein trudde at prislappen på Hordfast frå Aksdal til Bergen ville bli på mellom 9 og 13 milliardar. Nye tal frå Statens vegvesen syner at prisen for heile strekninga no har kome opp i 268 milliardar.

Tala kjem fram i Riksvegutredninga 2015, ein rapport kor Statens Vegvesen tek for seg og analyserer dei framtidige behova fram mot 2050. Utgreiinga er ein del av grunnlaget for den komande nasjonale transportplanen (NTP) (2018-2027).

Treng 30 milliardar i Os-området

I utgreiinga har vegvesenet sett på kva investeringsbehov ein ser for seg fram mot 2050. Rute 4A omhandlar strekket frå Stavanger - Bergen - Ålesund.

Delar av strekka omfattar Os, frå tabellen i rapporten kan ein lesa at vegvesenet ser for seg å investera vel 30 milliardar på riksvegane mellom Stord og Rådal.

  • Ådland (Stord) - Svegatjørn (Os), ny firefeltsveg i ny trasé: 27,4 milliardar
  • Sykkelveg med fortau, Os: 800 millionar
  • Svegatjørn - Rådal, ny firefeltsveg i ny trasé: 2,6 milliardar.

Planprogram i april

Planprogrammet med anbefalingar om kva traséalternativ som skal utgreiiast vidare skal etter planen blir lagt ut på høyring no i april.

Men allereie no veit ein at kombinasjonen av vatndybde på opptil 550 meter og ei totallengde på omlag fem kilometer gjer det umogleg med konvensjonelle brutyper over Bjørnafjorden.

– Det er kun flytebru og neddykkede rørbru som er aktuelle når ein skal laga ein vegforbindelse over ein så brei fjord, seier prosjektleiar Mathias Eidem, i Statens vegvesen til TU.no.

Eidem fortel at prosjekteringsarbeidet er i full gang.

– Dei tre arbeidgruppane prosjekterar heilt ulike løysinger. Vi har ikkje beslutta når vi skal avgjera kva type teknologi vi kjem til å velgja, men gler oss til å sjå dei endelege resultata.

Endleg planforslag med tilrådd traséval skal vera klar til høyring våren 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.