Ny redningsdykkerbil gav bil til Vartun
Då brannvesenet fekk ny redningsdykkerbil overtok Vartun oppfølgingsteneste ein av dei andre bilane til brannvesenet. – Ein vinn-vinn-situasjon, seier brannsjefen.
Tidlegare i februar fekk Os brann- og redningsvesen ny dykker- og first responder-bil. Samstundes fekk Vartun oppfølgingsteneste overta ein av dei gamle bilane frå brannvesenet.
Les òg: Bygger gapahuk, sti og nye sandstrender
– Det var kommunalsjef Nils-Petter Borge, som har ansvaret både for Os brann, beredskap og legevakt og Vartun, som kom å fortalte at oppfølgingstenesten på Vartun hadde behov for ein bil når dei er ute, til dømes i Ervikane, og jobbar.
– Då vi fekk den nye bilen var det difor heilt naturleg at dei overtok ein av dei gamle bilane våre, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Høgre bruksverdi enn salsverdi
Bilen Vartun oppfølgingsteneste no overtek har gått som kombinert feier- og utrykningsbil i brannvesenet.
– Det er ein forholdsvis gamal bil, men den har berre køyrd 124 000 kilometer, så bruksverdien for Vartun er nok langt større enn det vi hadde fått for den om vi skulle ha seld den.
Tener innbyggarane
– Dette er eit godt døme på ein av effektane av at vi er organisert som vi er med brann og helse i sama avdeling. Det handlar om å jobba på tvers av profesjonane. Hadde vi ikkje vore organisert slik, så trur eg ikkje vi hadde sett denne løysinga. Bilen er jo allereie registrert på Os kommune, så det einaste som måtte til er å avregistrera den som utrykningskøyretøy.
– Eg håper vi også skal klare å vidare utvikla relasjonane også mot dei andre områda i kommunen. Det er nok mykje vi kan henta der.
– Dessuten er det jo god samfunnsnytte i at dei får overta bilen. Dei gjer ein fantastisk jobb med å rusta opp friluftsområda til glede og nytte for alle innbyggjarane i Os. Dette er rett og slett ein vinn-vinn-situasjon, seier Gjøsund.
Utstyr klart i bilen
Den nye redningsdykkerbilen kommunen no har fått er fedig rigga med alt utstyr brannvesenet treng om dei må rykka ut.
– Vi sparer litt tid på at alt redningsdykkerutstyret er montert i bilen. Det gjer at vi kan kle oss opp medan vi er på vei ut til skadestaden.
– I bilen har vi alt vi treng i samband med eit redningsoppdrag. I tillegg er den utstyrt med førstehjelpsutstyr og hjartestartar slik at vi kan bruka den på first responder-oppdrag i tillegg, avsluttar Gjøsund.
Talet på redningsdykkeroppdrag dei siste åra har lagt stabilt på omlag 10 oppdrag i året.