Lokal | 17. jan. 2019

Ny regjering: Terje og Gustav reiser nøgde heim frå Oslo

Dagens semje mellom Frp, Høgre, Venstre og KrF kan få konsekvensar for bompengar mellom Os og Bergen - og for arealpolitikken i Os.

Ny regjering: Terje og Gustav reiser nøgde heim frå Oslo
Søviknes og Bahus sette seg på flyet då pressekonferansen starta i kveld. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. jan. 2019 21:11

Klokka 21.30 i kveld kom meldinga om at KrF går inn i regjering saman med Frp, Høgre og Venstre.

– Eg er veldig glad for å stå her i dag saman med forhandlingsleiarane. Etter to veker på Granavollen er vi einige om regjeringsplattforma, og den er no godkjent i alle parti, seier statsminister Erna Solberg.

– Dette er ein historisk dag. Vi får den første ikkje-sosialistiske fleirtalsregjeringa sidan 1985, held Solberg fram.

Sjå pressekonferansen på BT.no

To osingar har vore med og godkjent regjeringsplattforma.

Mens pressekonferansen starta fekk Terje Søviknes og Gustav Bahus tilbake telefonane sine, som har lagt i karantene mens dei to har vore på landsstyremøte i Frp. Søviknes som sentralstyremedlem, Bahus som fylkesleiar.

– Vi fekk ein god time å lesa på, så følgde eit par timar med diskusjon. Landsstyret gjekk samrøystes inn for avtalen som er forhandla fram, seier Søviknes til Midtsiden.

Tap og sigrar

– Kva var, etter ditt syn, det tyngste kompromisset partifellene dine har inngått i forhandlingane?

– I slike forhandlingar er det alltid nokre tap og sigrar for kvart parti. Venstre har fått gjennom ein del på klima, med yttarlegare utsleppskutt, men eg føler vi i Frp har vore med på å ramma det heile godt inn, blant anna slik at bilistane ikkje i aukande grad skal bli ei mjølkeku kvar gong utslepp skal reduserast.

– Når det blir iverksett tiltak som skal redusera utslepp, og desse gir kostnadar for bilistane, skal det kompenserast andre stadar så ikkje den samla kostnaden med å køyra bil aukar.

Søviknes er langt meir pratevillig om det han meiner er Frp sine sigrar i den nye plattforma.

– Den største sigeren er fleire punkt som handlar om bompengar, seier han, før han ramsar opp fleire punkt.

Over Fanafjellet utan bompengar?

• Infrastrukturfondet skal auka frå 100 til 200 milliardar kroner.

• Det skal innførast ei tilskotsordning som reduserer bompengeavgifta på eksisterande bompengeprosjekt, som Hardangerbrua og Voss.

– Denne vil, i første omgang, ikkje påverka E39 Svegatjørn-Rådal, men eit anna punkt kan ha innverknad på vegen mellom Os og Bergen.

Det kjem nemleg ein ny hovudregel som seier at sidevegar til bompengeprosjekt ikkje skal ha bompengar. Vegen over Fanafjellet kan med andre ord bli utan bompengar etter at ny E39 opnar.

Meir areal-makt til kommunane

To andre ting osingane frå Frp gler seg over er framleis streng innvandringspolitikk og styrka sjølvstyre til kommunane når det kjem til arealplanlegging.

– Kommunane får meir makt, fylkesplanane får i hovudsak ein rådgjevande funksjon.

Søviknes, som i slutten av august i fjor gjekk av som olje- og energiminister, gler seg òg over noko frå eige fagområde.

– Regjeringa vil vera langsiktig og halda stø kurs innan olje og gass. Her kjem inga endring, og det er godt nytt for verdiskapinga og arbeidsplassane i denne bransjen.

KrF er stolt og glad

Nykomar Kristeleg Folkeparti er òg nøgde etter forhandlinga.

– Eg er stolt og glad over viktige og gode KrF-gjennomslag i denne plattforma, seier Kjell Ingolof Ropstad (KrF), ifølgje BT.

Han seier plattforma har ein tydeleg KrF-profil.

– Barnetrygda skal aukast med 7200 kroner for barn mellom 0 og 6 år, og dette skal haldast utanfor utrekning av sosialstønad. I tillegg skal det lagast eit fritidskort som skal delast ut til alle barn for å sikra at dei kan delta på fritidsaktivitetar.

- Dette er barnereform som det står respekt av og som vi er stolte av, seier Ropstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.