Ny rekord i Os hamn
Sjekk kor mange båtar som besøkte Os i helga.
Bildeserie:
Solskin og festival lokka fleire tusen gjestar til Os i helga. Fleire av dei kom med båt.
– Eg har kjørt forbi mange gangar, men eg ser jo no at eg burde lagt til land for lengst. Os hamn er kjempefin og sentrum er veldig koseleg, med fine hus og interessante butikkar og restaurantar, sa Frank Robert Fauskanger frå Askøy til Midtsiden fredag.
Sjå video og bildeserie frå Os hamn fredag.
71 ulike båtar
Til saman var det 71 ulike båtar i hamna denne helga. Fleire betalte for to eller tre døgn.
– Det var langt fleire båtar enn nokre andre dagar tidlegare i år, seier hamnesjef Gitle Smaadal frå Os brannvesen.
Fleire enn i fjor
I fjor var betalingsløysinga i hamna ny. Det same var festivalen, og Os kommune droppa hamneavgift den helga. Derfor har Smaadal heller ikkje tal på fjoråret.
– Men augemål seier at det var mange fleire båtar under årets festival, seier Smaadal.
Også dei mange varme dagane sommaren 2014 var utan samanlikning med helga som var.
– Dei beste dagane hadde vi rundt 20 båtar. Vi må nok tilbake til ein av dei beste åra med Osøren Blues og Jazzfestival for å sjå liknande mengde båtar, trur han.
Betre enn 2009?
Den varmaste og kanskje mest folksame festivalen var i juni 2009. I bildet over ser du korleis hamna såg ut den gong.
Etter dette har Os Sjøfront, Os kai og Oseana kome med fleire metere ny gjestebrygge.
Os kommune skal bruka 21 millionar kroner på å skjerma Os hamn. Ein anbodsrunde var ute i vår, men kommunen har bestemt at dei tar jobben med prosjektering først.
Dette arbeidet skal starta no i haustog første av planlagte fire bølgebrytarar kan koma på plass på slutten av året i år.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.