Ny rekord-jackpot
Idrettsbingo Os er først i Noreg med jackpot på heile 70.000 kroner.


Idrettsbingoen i Os, med dei tre samarbeidsbingoane på Nesttun, Askøy og Danmarksplass, nærmast doblar storleiken på jackpoten, når dei frå og med laurdag aukar toppgevinsten frå 36.000 til 70.000 kroner.
– Det kom ei lovendring 1. januar i år som opna for å auka jackpoten, men så vidt eg veit er det ingen i Noreg som har tatt tak i det før no, seier innehavar Asbjørn Totland.
Totland sit sjølv i styret i Lotteriforbundet, og ser no fram til å by på meir spenning og høgare premiar på bingoane rundt Bergen.
Les òg:
Den største støttespelaren?
(Idrettsbingoen gjev meir enn Grasrotandelen)
Korleis fungerer det?
Det blir spelt bingo kontinuerleg gjennom dagen, i lenkje mellom dei fire bingoane. Utvalte bingospel er jackpot-spel.
Når nokon får jackpot blir gevinsten tatt ut av potten. Den blir så bygd opp igjen med 5000 kroner per dag, til nokon vinn jackpot igjen.
Får du bingo raskt nok, og jackpoten har bygd seg heilt opp, kan du frå laurdag av sitja igjen med 70.000 kroner etter ei speleøkt i Stegen.
– I snitt blir det ropt opp rundt 60 tal før nokon får bingo. Blir det bingo etter at det er ropt 52 tal så kan ein vinna jackpot på 70.000 kroner, 53 tal så blir premien 30.000 kroner og 54 tal så er premien nede i 15.000 kroner, forklarar Totland.
Om det er vanleg bingospel, og ikkje jackpotspel, vinn du 1000 kroner på fullt brett og 200 kroner på full rekkje.