Lokal | 15. nov. 2012

Ny ressurs for kommunen

Syn for lesing og læring er eit nytt studie i Noreg. Av ni studentar frå heile landet kjem tre frå Os.

Ny ressurs for kommunen
Monica Døsen, Camilla Nesheim og Tonje Lundervold (Foto: Kari Marie Austevoll)
Kari M. Lyssandtorsdag 15. nov. 2012 15:42

Monica Døsen, Tonje Lundervold og Camilla Nesheim, alle tre frå Os, starta på vidareutdanninga på Høgskolen i Bergen (HiB) i januar.

Som dei aller første i Noreg er dei no i gang med ei synspedagog utdanning der mykje av fokuset ligg på kartlegging, utreiing av synet til born, og vidare oppfølging for dei borna som viser seg har synsforstyrringar.

Blir ikkje oppdaga

- Synspedagogar har til no vore for blinde og svaksynte, men ny forsking tyder på at mange born har umodent syn og synsvanskar som ikkje blir oppdaga, fortel Lundervold, som til dagleg arbeider i Søre Øyane Naturbarnehage.

- Synspedagogar jobbar i forhold til syn på same måte som ein logoped jobbar i forhold til språk, forklarar Camilla Nesheim, som arbeider ved Fusa vidaregåande skule.

Dei kjem med ein forenkla forklaring på skilnaden på øyelege, optikar og synspedagog:

- Ein øyelege har ansvar for kartlegging og behandling av øyehelsa, optikarar av optikk, medan synspedagogar har sin kompetanse på visuelle krav ved lesing og læring.

I Os kommune, som i dei fleste andre kommunar, er 4-årskontrollen på helsestasjonen den einaste sjekken ungane får av synet.

- Men der sjekkar dei berre synet på avstand, og ikkje synet på nært hald, leseavstanden, noko som kan gje utslag når dei byrjer på skulen, seier Monica Døsen, som tidlegare jobba i Søre Øyane Naturbarnehage, no tilsett ved Os sjukeheim.

Eitt av fire born kan ha vanskar

Forsking frå USA tyder på at så mange som 24 prosent av born mellom 6 og 17 år har synsforstyrringar. Om dette stemmer kan eitt av fire born i skulealder ha vanskar med synet.

I oktober i år la dr. Gunvor Wilhelmsen fram rapporten "Barns funksjonelle syn" for Helsedepartementet. Rapporten viste at mange born ikkje har den øyemotoriske kvaliteten som er krevd for nærarbeid og lesing.

Dr. Wilhelmsen var nyleg gjest i "God Morgen Norge" på TV2, der ho fortalte om det som kom fram i rapporten.

Her kan du sjå TV-innslaget

Tonje, Camilla og Monica ønskjer no å gjera folk bevisste på det dei har lært det siste året. Dei er tydeleg ivrige i faget sitt og ønskjer at alle born skal få moglegheit til å undersøka synet grundig før skulestart, og oppfølging av dei som viser seg å ha behov for synstrening.

- Tenk om unge har droppa ut av skulen fordi dei ikkje meistra, kanskje nokre har fått diagnoser som dysleksi eller ADHD, men så er det synsforstyrringar som er årsaka.

- Born som ikkje meistrar reagerer forskjellig. Nokre kan bli trassige, aggressive og bråkete, medan andre blir meir inneslutta og usosiale.

Synstrening hjelper

Fordi born med synsforstyrringar ofte ikkje sjølv er klar over at dei ikkje ser godt nok, rett og slett fordi dei ikkje har opplevd "normalt syn", er det vanskeleg for foreldre og andre å oppdaga at det er synet som er problemet.

Synspedagogar kartlegger for å finna ut om bornet har synsforstyrringar, og kan då følga opp med treningsmetodar som kan betra synet mykje.

Dei tre understreker at dei ikkje rettar kritikk mot verken helsestasjon eller PPT, som dei meinar følgjer dei retningslinjer dei har fått.

- Det er dei positive resultata vi har opplevd gjennom synspedagogisk trening og resultat i synspedagogisk arbeid som engasjerer oss.

Mange ønsker hjelp

Etter at dei starta på studiet har fleire foreldre vore i kontakt for sjekka ungane sine. Nokre har dei tre studentane fått tid til, men om alle skal få hjelp så treng dei ein arena for denne type tenester.

- Vi har alle tre anna arbeid, og har ikkje moglegheit å bruka all fritid på dette, uansett kor gjerne vi vil hjelpa.

- I eit år har vi halde på med studiet, og har gjennom synspedagogisk trening sett at det har god effekt for lesing og læring.

- Og vi synes at innbyggarane Os kommune er heldig som no har tre av landets ni pedagogar med kompetanse innan syn for lesing og læring.

- Vi er her, så no håper vi kommunen vil nytta seg av vår kunnskap og våre ressursar.

Typiske symptom på synsforstyrringar:
• dobbeltsyn
• uklart/tåkete syn
• ord og bokstaver blir diffuse, hopper eller bytter plass
• vanskelig å holde linja, orientere seg i teksten og teksten ka bli utflytande
• vanskelig å skrive av frå tavla (på grunn av at synet veksler mellom fjern og nærsyn)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.