Lokal | 14. des. 2018

Ny runde med «Jul rundt svingen»

Naboar i Halhjemsmarka inviterer på ny til julestemning og kino - i gata.

Ny runde med «Jul rundt svingen»
I morgon vert det ny filmframsyninga i «Julesvingen» i Halhjemsmarka. (Foto: Privat)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 14. des. 2018 12:34

Bildeserie:

Her frå arrangementet i 2017. (Foto: Privat)
Her frå arrangementet i 2017. (Foto: Privat)
Snø var det òg. (Foto: Privat)
Snø var det òg. (Foto: Privat)
1 av 2
Her frå arrangementet i 2017. (Foto: Privat)
Snø var det òg. (Foto: Privat)

Det som starta som ein internkonkurranse om det mest pynta huset i nabolaget, enda i fjor med eit ønske om å pynta fram julestemning for heile Halhjemsmarka. Det heile vart toppa med utandørs filmframsyning.

I morgon er det på nytt klart for julestemning Halhjem-style.

For heile familien

Kent-Eivind Storum fortel at dei vil setja opp ein julefilm for heile familien.

– Det vert sal av popcorn, hot-dog, boller, kaffi og kakao.

Storum oppmodar alle å kle seg godt etter vêret, og ta gjerne med sitjeunderlag eller noko godt å sitja på, legg han til.

Alle er velkomne

Storum seier at alle som vil er velkomen, og ein treng ikkje sokna til Halhjemsmarka for å ta del.

– Vi har berre lyst å laga noko kjekt for barn og vaksne vi, og då er dette ein open invitasjon til alle som vil sjå film med oss, fortel Storum.

I følgje arrangørane har dei høyrt eit rykte om at julenissen kjem innom…

Ale inntekter frå arrangementet går til Barneavdelingen på Haukeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.