Sport | 18. aug. 2015

Ny siger til Karoline

Alle fekk tekniske problem, men rallycrosskjøraren frå Os fekk minst trøbbel og tok sesongens fjerde siger.

Ny siger til Karoline
Karoline på pallen i Egersund i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. aug. 2015 08:50

Det går mot ein hektisk innspurt på årets sesong for Karoline Breivik.

Etter fire sigrar og eit par andreplassar skal ho no kjøra løp fire helger på rad.

– Eg ligg godt an i både NM og vestlandsmeisterskapen, seier Karoline etter sigeren i VM-runden i Egersund i helga.

Ho sparte på go'bilen, Starlet-en, og kjørte Peugeot inn til 1. plass.

– I innleiande rundar kjørte vi mot dei større klassane, så vi var 12 bilar i alt. Der kjørte eg inn til to 7. tid og éi 9. tid.

Alle fekk trøbbel

I finalen var det klasse for klasse, og Karoline fekk med 1,6 liter bryna seg på motstandarar med 2,0-motor.

– Alle vi tre i klassen hadde ulike tekniske problem med bilane, men eg hadde minst trøbbel og kom først i mål, seier frøken Breivik om den noko heldige sigeren.

Til helga er det NM på Gardermoen, så ventar tre helger med annakvar VM- og NM-runde før sesongen blir avslutta med klubbløp i oktober ein gong.

– Peugeoten er klar, men eg sparte den til NM-runden på Gardermoen. NM har naturlegvis høgare prioritet enn vestlandsmeisterskapen.

Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.