Sport | 25. mai 2014

Ny siger til Os 2

Andrelaget til Os tok sin tredje siger på rad. Lysekloster 2 gjekk på sitt tredje strake tap.

Ny siger til Os 2
Os 2 i gårsdagens kamp mot Halsnøy. Anders Kinden og Sander Kvittingen skåra eitt mål kvar, også på bildet, midtstoppar Emilis Zilinskas. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. mai 2014 07:19

Os og Lysekloster sine andrelag har hatt ganske motsette resultat i dei seks første rundane.

Lysekloster 2 starta med 7 poeng på 3 kampar, men har etter 6-0-tap borte for serieleiar Solid fredag tatt null poeng på dei siste tre rundane.

Os 2 starta med tre tap, men har full pott på dei siste tre rundane, og 22-2 i målforskjell på tre kampar etter at dei i går vann over Halsnøy heime.

Os 2 – Halsnøy 4-1 (2-0)
Målskårarar, Os 2; Anders Kinden, Sander Kvittingen, Stian Bakke og Øystein Takle Eide.

Sander missa på ein kjempesjanse då ein lissepasning frå ein pressa Emil Halver strauk foten til Os 2-spissen på stillinga 0-0.

Men kort tid seinare kom ein ny ball frå Emil, kryssa over til Isak Røen som slo tilbake til målskårar Kinden.

2-0 kom då Sander pressa eit litt fomlande Halsnøy-forsvar og i farten klarte å lirka ballen forbi keeper, så han enkelt og upressa kunne legga ballen i nota.

Halsnøy låg på 2. plass på tabellen både før og etter kampen mot Os 2. Dei kjempa hardt og hadde stolpeskot før pause. Og gjestane starta 2. omgang med corner, der ein av gjestane sine spelarar fekk stå umarkert og kunne redusera.

Men 2-1 blei til 3-1 etter raid av høgreback Stian Bakke, og seinare til 4-1 av innbytar Øystein Takle Eide.

Tru mot spelestilen

– Spelarane fekk beskjed om å øva på dette med å spela seg ut frå keeper, også om dei ikkje skulle lykkast frå start.

– Vi har noko mannskap som trener med juniorlaget og noko som trener med A-laget, så det tar litt tid for dei å bli kjent med kvarandre, og å få god kommunikasjonen. Men siste halvdel av andre omgang får vi det til, då styrer vi kampen, meiner trenar Ørnulf Jacobsen.

– Halsnøy var gode, men Kasper Færøvik hadde to veldig gode redningar, i tillegg synest eg Emilis Zilinskas ryddar veldig godt opp bak.

Os 2 har klatra frå 12. og sisteplass til 4. plass på 3 kampar. Neste runde går borte mot Eidsvåg på 7. plass førstkomande fredag.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.