Sport | 06. mai 2009

Ny siger til Piano

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mai 2009 09:05

Piano, med rormann Sverre Holm, ser ifølgje Kjetil Eriksen frå Os Seilforening ikkje ut til å bli lett å slå i år. Hermod Opstvedt og Marlin kom først i mål, men Piano, med lågare lystal, var like bak, og vann med klar margin.

Årets andre trimmingsseglas gjekk i går til Ospøy og via Laugarøy til mål. Etter kryss opp til Ospøy og skarp spinnakerslør ned til Laugarøy var det skarp slør tilbake til Strøneosen.

Det blåste opp i frisk bris frå sørvest, så det var ikkje alle som heiste spinnaker.

Andreplass i største klasse gjekk til Ina Kristine med Janet Lepsøy. Minste klasse ble vunne av nykomaren Hans Leganger Fjell frå Fusa. Fjell har byta båt, og seglar no ein Albin Express.

Resultat

Lys t.o.m 1,15 Korrigert tid:
1 NN Hans Leganger Fjell 01:49:37
2 Lady K. Bjørn Eliassen 01:55:08
3 Akina Leif Hetleflåt 01:58:05

Lys f.o.m 1,16
1 Piano Sverre Holm 01:43:56
2 Ina Kristine Janet Lepsøy 01:49:16
3 Marlin Hermod Opstvedt 01:51:53
4 Brigten Harald Ingebrigtsen 01:52:31
5 Tina for II Svein Skoglund 01:52:33
6 Lisa Paul Ø. Mehammer 01:53:19
7 Stella Terje Rønning 01:54:29
8 Silje Marie Magne Lepsøy 02:00:18
9 Merelle Sigbjørn Paus 02:03:54

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.