Dagleg leiar Kim Samnøen og kjøkkensjef Frank Vasby Bruarøy vil by på nye smakar gjennom hausten og vinteren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ny sjef på Havnechefen

Kim Samnøen skal koka i heimbygda igjen, no som medeigar og dagleg leiar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter ein god start for den halvanna år gamle restauranten, vil eigarane ha nye krefter inn i leiinga.

Kokken Kim Samnøen kjem inn på eigarsida, og overtar samtidig som dagleg leiar i Havnechefen Restaurant AS.

– Vi kjenner Kim godt frå før, han har arbeidd med oss både då vi dreiv på Ole B, i Engeline-lokalet og her på torget. Vi er veldig glade for at vi får med oss ein faglært, dyktig og hyggeleg mann som Kim med oss på laget, seier hovudaksjonær og avtroppande sjef Reidun Vasby.

– Eg blir verande som tilsett ved restauranten, men eg ønskjer å trappa ned, seier Reidun, som er pensjonist om knappe tre år.

– Ein fantastisk heimebane

Kim Samnøen er oppvaksen i Øyane og tok utdanninga si ved Fusa vgs. Etter at han i 2013 tok fagbrev har han jobba i Sandefjord og i bergensområdet, for Hotel Edvard Grieg og som kjøkkensjef for Biologen, som har restaurantar på Herdla, Askøy (sushi) og Akvariet. 

I den siste tida har han jobba hos Spesialgrossisten Troye, med kortreiste råvarer som leverandør til ulike kjøkken.

– No ser eg veldig fram til å jobba fast heime i Os. Eg har vore gjestekokk på nye Havnechefen nokre gongar, og eg synest at både bygget, dei nye kollegaene mine og gjestane er heilt fantastiske, seier Kim.

Nye smakar

Kjøkkensjef Frank Bruarøy er glad for at han no får Kim med seg på eigarsida. Saman skal dei vidareutvikla menyen.

– Vi koker godt i lag! Eg veit at Frank har ein del spennande rettar på gang, og eg har sjølv nokre nye smakar i ermet, så vi ser veldig fram til å by på litt nye opplevingar gjennom den mørke årstida, seier Kim.

– Ved sidan av det som skjer over grytene vil eg bruka tid på optimalisering av drifta, frå frys og kjøl og heilt ut på bordet til gjestane.

 

Fleire saker