Lokal | 10. des. 2010

Ny skule - ny rektor

Planlegginga av bygging av ny ungdomsskule er så vidt i gang, men kven som skal bli rektor er allereie bestemt.

Ny skule - ny rektor
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. des. 2010 12:19

Ifølgje skulebruksplanen, som blei vedtatt i kommunestyret tysdag 26. oktober, skal tre av skulane i Os byggast ut. I tillegg skal det byggast ny ungdomsskule.

- Vi startar planlegginga av den nye skulen så snart som mogleg, og vil ha den komande rektoren med frå start. Derfor blei det tidleg bestemt kven vi vil ha som rektor, og denne veka takka Per Olav Sørås ja til jobben.

Sørås er rektor ved Kuventræ barneskule og kjem til å bruka delar av tida si til å ta del i planlegginga av ny ungdomsskule i Os fram til han om halvanna år går frå jobben på Kuventræ til å leia ny ungdomsskule.

Smigra og spent
Torsvik fortel at Sørås sine gode resultat, både på Kuventræ og som rettleiar for Utdanningsdirektoratet, gjer at dette var leiaren dei ville ha i den nye rektorstillinga.

- Eg er smigra over tilbodet og synes dette er veldig spennande. Eg kjem ikkje til å legga meg opp i plassering og tomteval, men det at eg får vera med på resten av planlegginga synes eg er veldig positivt, seier Per Olav Sørås til Midtsiden.no.

Saman med Lutro
Bortsett frå at det er karakterar i ungdomsskulen, og ikkje på barneskulen, meiner Sørås at forskjellane er små mellom dei to nivåa.

- Eg har ikkje rektorerfaring frå ungdomsskule sjølv, men ser for meg at eg vil prøva å ta med meg mest mogleg av den kulturen vi har på Kuventræ.

Os ungdomsskule er ein av dei tre skulane som skal byggast ut, og rektor ved skulen, Kåre Lutro, er ein som saman med Sørås skal vera med i planlegginga av ny ungdomsskule.

- Det skal bli kjekt og lærerikt å jobba saman med Kåre, det ser eg veldig fram til. Vi kjem til å utveksla mykje erfaring og idear, og samstundes reisa rundt på ein del ungdomsskular andre stadar. Det er alltid noko å læra av korleis andre skular driv.

Tar ungdomsskulane først
Halhjem barneskule (rektor Margrethe Håvardstein Halhjem) skal utvidast frå å ha 1. til 4. klasse til 1. til 7. klasse. Kuventræ skule skal utvidast så kapasiteten aukar til rundt 400 elevar, to klassar per trinn (har rundt 230 elevar i dag).

- Arbeidet med planlegging av utvidinga av desse to startar til våren, planlegginga av ny ungdomsskule og utviding av eksisterande ungdomsskule på Os startar no, seier Torsvik.

- Årsaka er at dette er meir omfattande arbeid, framtida til eksisterande ungdomsskule er del av sentrumsplanen, her kan det bli ein del endringar.

Dette blir dei første milepælane:
• Tomteval
• Arealplan
• Skulebygg
• Innhald i skulen
• Sentrumsplan

- Når det gjeld tomteval kjem eg til å koma med eit innlegg i formannskapsmøtet førstkomande tysdag, fortel kommunalsjefen.

Han vil førebels ikkje ut med kva han vil seia om alternativa, eller kva dei tre alternativa er.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.