midtsiden

Ny storsiger

På bortebane i vår vann Os 5-0 over Hovding. Også på Kuventræ var Os suverene.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

3. div. avd. 15:
Os - Hovding 4-0 (1-0)
Målskårarar: Torkel Hjertnes, Tim Henrik Sperrevik og Christer Olsen (2)

Os starta med (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Mats Lepsøe, Frode Buvik, Vegard Leikvoll Moberg, Stian Lunde, Torkel Hjertnes, Christian Almeland og Tim Henrik Sperrevik.

Christer Olsen kom inn for Hjertnes (55), Preben Borgen for Moberg (65) og Baste Jonassen kom inn for Almeland (i 70. minutt, som back, medan Lepsøe blei flytta fram på høgre kant og Christer flytta til venstre kant).

Betre, men ikkje farlege
I 2006 spelte Os kvalifiseringskampar om opprykk til 2. divisjon mot Hovding, og vann samla sett 4-3 (4-0 heime, 0-3-tap borte).

Stemninga før dagens kamp var nok mindre spent enn i vår, då Os vann 5-0, men heimelaget var tydeleg gira på både å halda fram med sigersrekka, halda nullen og å visa motstandarane frå Åsane kven som er sjef i avdelinga.

- Hovding var betre no enn i vår, men det er framleis stor forskjell på laga. Dei kom seg opp på banen i første omgang. I pausen justerte vi litt, så i andre omgang var det berre eitt lag på banen. Dei skapte lite og ingenting medan vi var nær på end fleire skåringar, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Hovding ligg på 5. plass på tabellen etter 6 sigrar, 6 tap og 4 uavgjorte.

Lurte keeper
Med laurdagskamp og solskin var det duka for ein strålande dag på Kuventræ. Os starta kampen bra, med mykje initiativ og fleire sjansar. Christian Almeland viste seg godt fram på venstre kant, både med innlegg frå dødlinja og når han vendte inn og avslutta sjølv.

Fleire gongar fann ballen vegen til Tim eller Stian, og eit av innlegga streifa panneluggen til både Tim og Vegard.

Tim kom seg også åleine med keeper og skåra på tunnel, men målet blei feilaktig annulert. Dommaren meinte at forsvararen som ramla då han prøvde å takla Tim bakfrå blei felt.

I 14. minutt fekk likevel heimelaget leiinga. Keeper sto ved venstre stolpe og slengte seg mot høgre. Torkel Hjertnes skaut omtrent der keeper sto, og ballen trilla i mål inntil nettopp venstre stolpe.

Backane fram
Etter skåringa såg det ut som om Hovding kom litt med i kampen. Dei fekk spela høgare på banen og kom til både corner og nokre frispark som ikkje såg heilt trygge ut.

Mellom dei tre angriparane til Os og neste ledd blei det mykje rom, Frode Buvik
og Vegard Leikvoll Moberg måtte eit godt stykke bak på banen for å vinna ballen tilbake.

- Det stemmer, vi fekk for mykje strekk i laget, og det var dette vi justerte på i pausen. Ved å kjøra backane lengre fram sleppte midtbaneleddet å trekka seg så langt tilbake, seier Hellevik.

Os har i år hatt ein tendens til å spela betre i andre omgang enn i første. Samtalane i pausen verka også i dag.

To av Christer
Det var eit av innlegga til Almeland som i andre omgang gav Tim eit fint høve til å auka, og det sto 2-0 til Os etter cirka 60 minutt. (Midtsiden.no fekk ikkje med seg andre omgang i dag).

Christer Olsen, som har vore farleg i dei siste kampane for Os og Os 2, kom inn for målskårar Torkel, og sett inn mål nummer tre og fire.

- Måla var ganske like, han blei spelt gjennom og putta åleine med keeper.

Kampen i dag var også den første Mats Lepsøe spelte frå start. 17-åringen får ros av trenaren.

- Mats var trygg defensivt og skummel på høgre kant i siste del av kampen. Han serverte fleire fine innlegg og var også sjølv nær på skåring, seier Frank.

Andre resultat frå 16. runde:
Norheimsund - Lyngbø 1-1
Djerv - Tertnes 1-3
Trio - Odda 2-0

Det er verdt å merka seg at serieleiar i naboavdelinga, Austevoll, i dag tapte (1-0 borte) for jumbolaget Sandviken. Brann 2 på andreplass tapte sin førre kamp (2-3 borte) for Vestsiden-Askøy.

SJÅ TABELL

SJÅ TABELL avd. 14

Os spelar neste kamp på bortebane mot Bjarg. Neste heimekamp er laurdag 19. september (kl 15.00) mot Odda.

Os 2 spelar heimekamp mot Rosendal, som ligg sist på tabellen, sundag 6. september. Valestardn Hjellvik tapte for Øygard i dag, så med siger i morgon klatrar Os 2 til opprykksplass (2. plass).

Fleire saker