Lokal | 01. juni 2010

Ny strategi for regionen

Korleis skal Os og dei 19 andre kommunane i regionen samarbeida fram til 2020?

Ny strategi for regionen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. juni 2010 21:12

Os er ein av 20 kommunar i Hordaland som er medeigar i Business Region Bergen AS, der blant anna osing og hotelleigar Børrea Schau Larsen sit i styret. Styret er leia av Herman Friele, Asbjørn Algrøy er administrerande direktør.

BRB blei stifta hausten 2007 for å driva regional næringsutvikling og marknadsføring for regionen med overordna mål om å gjera bergensregionen til leiande i landet på kunnskapsbasert næringsutvikling innan dei næringene regionen har spesiell fortrinn.

Dette målet håper dei å nå innan 2020, blant anna ved hjelp av forslaget til strategisk næringsplan som dei for tida legg fram for formannskapa i eigarkommunane.

Sendt vidare til kommunestyret
Vidar Totland og Asbjørn Algrøy hadde med seg ein 64 sider tjukk brosjyre som utgjer den overordna planen, og presenterte ein noko forkorta versjon på skjermen for formannskapet i Os tysdag.

- No har regionen for første gong sjanse til å få eit felles verktøy for vekst og utvikling, sa Algrøy, som håper på raske vedtak av planen i eigarkommunene.

- Dette er ein overordna plan, detaljane formar vi seinare, i tillegg til at den blir supplert med lokale tiltak, la han til.

Stemninga for direkte vedtak i formannskapet blei kort lufta, før ordførar Terje Søviknes (Frp) foreslo å diskutera planen i dei politiske gruppene for så å handsama den med eventuelle merknadar eller tillegg i kommunestyret 22. juni. Det blei samrøystes vedtatt.

Nokre spørsmål
Før spørsmålet om vedtak kom fram blei det opna for spørsmål, og enkelte kommentarar kom.

- I kva grad kan vi i kommunen bruka BRB, lurte Espen Aspenes (Frp) på, før han la til at dette ikkje burde bli ei sovepute for mindre kommunar.

Algrøy meiner det er opp til enkeltkommunar, og at det er meint at dette skal auka graden av medvit også i dei små kommunane.

- Eg synes dette ser veldig bra ut, samstundes som planen får meg til å tenkja at vi har ein del å jobba med her i Os, sa Hedevig Holst (H).

Norvald Skåtøy (Ap) lurte på om BRB kan bli ein konkurrent til fylkeskommunen.

- Om BRB, som i dag er finansiert av eigarane med årleg innskot på 10 kroner per innbyggar, skal bli store og sterke, trur eg ikkje fylkeskommunen skal bli noko anna enn glade. Vi har hatt tett dialog med dei i høve utforming av dette forslaget til strategiplan, og meininga er at vi skal jobba langs med, ikkje på tvers av, Hordaland fylkeskommune, svara Algrøy.

Ein inspirerande plan?
Som ein overordna plan er innhaldet naturlegvis på det generelle plan, med fraser som høyrer med i slike og utan så mykje å seia nei til. Samstundes har den noko som er bra og noko som enkelte kanskje saknar.

I god Os Inspirerer-ånd bør derfor medlemmane i kommunestyret ikkje berre skumlesa planen fram til møtet 22. juni, dei bør legga seg i selen for at Os skal bli ein aktiv BRB-kommune, med kreative innspel til planen og styret, initiativ til lokale tiltak og engasjement for heile regionen.

Har Os Inspirerer gjeve Os-politikarane noko, så er Business Region Bergen staden å visa det.

For Os sin del kan BRB bety mykje for både utbygging av Endelausemarka, bruk av Rema 1000-lageret, som Søviknes nemte han ser for seg å foreslå som messesenter for regionen og for marknadsføring av turisme i den vakre skjergardskommunen vår.

Kan bli betre
For regionen sin del kan planen, som er fint sortert med statistikk innan ulike «næringsklynger», supplerast med fleire moment for å gjera den betre.

• Planen har statistikk, men ikkje trend og utvikling, statistikk frå tidlegare år, kommentarar til dagens situasjon eller konkrete utfordringar i tida som kjem.

• Andre regionar er ikkje nemt, verken i planen eller presentasjonen. Greaterstavanger.no lanserer snart ny side. Kva har andre regionar gjort og korleis har det fungert? Er det regionar vi kan læra av, eller samarbeida med, for å bli sterkare?

- Skal ikkje hamna i skuffa
Sjølv kom Algrøy med fleire viktige poeng, som også står nemt i planen:

- Vi kan bli endå betre på faktakunnskap om oss sjølv, bedriftene i vår eigen region. BRB har også planar om å etablera ein modell for eit effektivt mottaksapparat for internasjonale delegasjonar.

Strategisk næringsplan kan bli noko viktig for fleire av eigarkommunane. Men den kan også bli ingenting.

- Konkrete tiltak må til for at ikkje denne planen skal bli noko vi først tar gledeleg imot, men så legg i ei skuff, sa Asbjørn Algrøy.

Fleire i formannskapet tenkte nok det same.

Supplert av ny politisk samlingsplass
BRB-besøket fekk Søviknes til å tenkja litt tilbake i tid, til tida då Bergen valte ny næringsplan, tok med nokre omegnskommunar, som Os, og la føringer i planen som førte til stifting av BRB.

- Vi fekk den gong etablert regionsrådet med politikarar frå 11 kommunar, eit råd eg har leia den siste tida. Sist fredag bestemte vi oss for å avvikla dette. Rådet er erstatta med Bergensalliansen, eit nytt råd der vi har som mål å få med politikarar frå alle dei 20 BRB-kommunane, som ein politisk samlingsplass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.