Ny toppskårar på veg?
Anders Kinden tok steget frå 5. til 3. divisjon med stil. Fredag står han over derbyen mot Søre Neset, laurdag er siste heimekamp for A-laget før ferien.
Anders Kinden var storskårar for Os junior elite. Så skadde han kneet sitt og spelte for Søre Neset etter han kom på banen igjen. I 5. divisjon kniva han med storebror Tore om toppskårartittelen frå år til år, og i 2011 var det Anders som skåra mest.
I år blei det comeback på Os og i 4. runde skåra han sitt første for A-laget. Så skåra han i tre av dei fire neste kampane og i førre runde spelte han frå start mot eit halvt eliteserielag då Os presterte 3-3 mot eit toppa Sandnes Ulf 2.
– Anders har alltid vore god og det er kjekt å ha han tilbake. Han er spesielt sterk mann mot mann, skyt godt med begge bein, har høg fart og er ofte på rett plass til rett tid, seier kaptein Stian Lunde.
Lunde er blant dei som leiar skåringsstatistikken til Os, han har saman med Preben Borgen og Erik Kanestrøm 2mål meir enn Kinden.
– Har meir å gå på
Sjølv synes Anders overgangen til 3. divisjon og det å auka frå 2 til 5 treningsøkter i veka gjekk greit.
– Det var tungt i starten, og ein overgang med det høge tempoet. Men eg føler eg kom inn i det ganske raskt.
Når kampane no er i gang merker han at han, trass i full klaff i fleire av kampane han har fått speletid i, har meir å gå på.
– Eg er nok litt tung i kroppen etter den auka treningsmengda, så hausten kan bli betre og etter neste vinter med oppkjøring trur eg nok alt blir endå lettare.
Anders speler oftast høgt på banen, gjerne som hengande spiss.
– Eg spelet spesielt godt saman med Ramo. Han er flink å møta og å halda på ballen så eg kan stikka og finna rom bak han. Og så kjem det veldig fine innlegg, ofte frå Kanestrøm og Heggland, 3 av dei 4 måla eg har skåra er med hovudet.
Står over kampen mot Søre Neset
Os har halde seg på topp 3 på tabellen og ligg etter 11 rundar, på 1. plass, eitt poeng fram Sandnes Ulf 2, 2 poeng framfor Arna-Bjørnar og 3 poeng framfor Haugesund 2.
Laurdag møter A-laget Tertnes (kl 16) til det som er siste heimekamp før sommarferien. Os avsluttar vårsesongen borte mot Austevoll på onsdag.
Men allereie fredag kveld er det action på Kuventræ. Då tar Os 2 imot Kinden sin førre klubb, Søre Neset, til lokaloppgjer.
– Sidan eg starta mot Sandnes Ulf må eg stå over denne uansett. Men det ville vore kjekt å spela mot Søre Neset, sjølv om mange nok ville vore litt ute etter meg, ler Anders.