Ny tørrkoking
For tredje gong dei par siste månadene var det tørrkoking i Gamleheimshagen. - Røyk ut ventilatoren gjorde at det såg ut som buskane brann, fortel Gjøsund.
Om lag kvart på to torsdag rykte brannvesenet ut til alarm frå Gamleheimshagen i Os sentrum.
- Det viste seg å vera tørrkoking, så no luftar vi berre ut leilegheita, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Bebuaren hadde pusta inn noko av røyken og fekk behandling med oksygen frå ambulansepersonalet på staden.
- Det såg meir dramatisk ut enn det var.
- Røyken blei sugd ut av ventilatoren på kjøkenet og bles ut i nokre buskar på utsida av huset. Difor såg det ut som det var buskane som brann då vi kom til staden, fortel Gjøsund.
Dette var tredje gongen i løpet av forsommaren brannvesenet rykte ut til bustadane i Gamleheimshagen. Den automatiske varslinga i eldrebustadane gjer at brannvesenet raskt blir varsla i desse tilfella.