Ny trenar på plass
Etter årets sesong gav Terje Erstad seg som trenar for Os sitt damelag. No har Os Turn funne ein erstattar.


Etter 10 år som fotballtrenar i Os, dei siste tre for damelaget, takka Terje Erstad i haust for seg.
Henk Rozeboom, ny sportsleg leiar for damefotballen i Os Turn, fortalte på avskjedsfesten tidlegare i november at han allereie var i dialog med ein potensiell arvtakar.
- No har spelarane blitt orienterte om at Rune Balland blir ny hovudtrenar, seier Henk til Midtsiden.no.
På eit møte onsdag blei Balland presentert saman med Per Søberg og Anders Øvredal i trenarteamet. Ove Kallekleiv blir lagleiar og Tore Nøss held fram som materialforvaltar.
- Vi er glade for å ha det nye teamet på plass og Rune og teamet hans ser fram til å starta med oppkjøring til den nye sesongen, seier Rozeboom.
Rune, Per og Ove var i år sentrale på jentelaget til Os, så no blir det jobba med å finna erstattarar for dette laget.
- Er det nokon som er interesserte i år vera med og bidra er det berre til å ta kontakt.