Sport | 09. des. 2009

Ny trenar på Søre Neset

Han var med på å få Os 2 opp i 4. divisjon, no overtar han Søre Neset.

Ny trenar på Søre Neset
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. des. 2009 13:15

Morten Øvrebø har vore trenar for fleire klubbar i Os, også Søre Neset i to periodar tidlegare. I går hadde han si første trening med laget etter at han overtok jobben til Bjarte Arentzen og Frank Haugland.

- Eg jobbar mykje i Stavanger, og meir blir det. Frank, som blei pappa for eit år sidan, vil ha meir tid saman med familien, seier Bjarte Arentzen.

Arentzen leia laget gjennom årets sesong saman med spelande trenar Frank Haugland.

- Eg kjem til å halda fram med å trena og spela, og får nok ikkje gje frå med oppmann-oppgåvene med det første, seier Frank.

God nok for opprykk i 2010
Søre Neset har i periodar av både årets sesong og 2008 lagt nær opprykksplass. Etter 2009-sesongen landa dei på 4. plass, berre to poeng bak Baune 2 på 3. plass. (Solid vann avdelinga framfor Erdal).

- Vi fekk mange nye spelarar førre sesong, og vi har førebels ikkje fått signal på at nokon sluttar eller skiftar klubb. Med denne gruppa er Søre Neset god nok til å kjempa i toppen også neste år, meiner Bjarte og Frank.

Første trening med Morten
Morten Øvrebø pendla i mange år til Bergen for å spela med gamleklubben Varegg etter at han som 10-11-åring flytta til Os. Som gutespelar skifta han klubb til Os, men han var berre så vidt innom A-laget før han byrja å satsa på trenar-rolla.

- Eg spelte litt i andre klubbar i kommunen, også på Søre Neset, men var stort sett trenar etter at eg blei senior, fortel Morten.

Han har trent damelaget til Os, andre lag i krinsane, hatt periodar på Søre Neset og hatt ansvar for Os junior og Os 2 då andrelaget rykte opp frå 5. til 4. divisjon for fire-fem år sidan.

No har tre sesongar gått utan at Frank Mohn-tilsette Øvrebø har hatt trenarjobb. I går hadde han første trening på Bjørnen.

- Det er ein fin gjeng, mange av dei har eg trent før, på juniornivå på Os. Laget har god miks av spelarar og med dei rette førebuingane kan 2010 bli ein bra sesong, seier Morten Øvrebø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.