Kultur | 14. nov. 2018

Nybygd uteplass opnar fredag

Sånn blir opningshelga på Baronessen.

Nybygd uteplass opnar fredag
Ein ferdig, ryddig og nesten støvtørka krok i den nybygde puben Baronessen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. nov. 2018 22:12

Utestaden i Telthuskvartalet har blitt ny frå topp til tå. Golv er skifta, veggar er malte, lys og møblar er nye og baren - som framleis står på same plass - er bygd på nytt med eige platå til gjestane.

Då Midtsiden var innom tysdag kveld var det åtte mann i sving i lokalet.

– Vi kjem i mål. Det er litt handverk igjen, og ein god runde med rydding, støvtørk og vask, så er vi klare til opning, seier innehavar Bjarte Andersen.

Han roser byggeleiar spesielt, og mange tilsette som har vore med og hjelpt til.

Opningshelg med Creedence-tribute

Baronessen, som etterkvart blei det nye namnet då ungdomskonseptet Empire blei avslutta, får aldersgrense 25 år, og skal ha tydeleg vaksen-profil.

– Vi kjem til å opna tidlegare på kvelden, ha eit heilt anna utval i øl, vin og brennevin enn Catten, og vi skal spela musikk som passar, med volum som går an å prata i. Med mindre vi har konsert, då blir det ekstra guff.

Utestaden blir open frå torsdag til laurdag, med brennevinløyve, men utan ambisjonar om å ha ope til lengre enn klokka 2.

– Opningshelga køyrer vi livemusikk begge kveldar, fortel Bjarte.

På «pre-opening» fredag speler Jens Aasmundseth, laurdag kjem tributebandet The Poor Boys til Baronessen. Dei speler i hovudsak Creedence Clearwater Revival-låtar, men har òg meir på repertoaret.

– No gler vi oss veldig til opning, og vi er sjølvsagt spente på korleis bygda tar imot dette tilbodet!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.