Sport | 28. apr. 2010

Nydeleg trimstart

Sundag bles Ottoen over fjorden, tysdag var årets første trimmingsseglas.

Nydeleg trimstart
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. apr. 2010 08:20

Sundag 25. april, i vekslande vêr, men fin vind, gjekk Ottoen 2010 i skarp spinnaker slør ned til Kolbeinshavn.

Her var Tina for II suverent beste båt med Marlin på andreplass. Etter kaffi, reker og kongekrabbe gjekk løp nummer to via Laugarøy til Strøneosen. Her segla Lisa inn til førsteplass, medan Tina for II sikra samanlagtsigeren med ein førsteplass og ein andreplass.

10 stilte til trimstart
I går var det i båten igjen. Med sol og 5-6 m/s vind blei årets første trimmingsseglas ei fin oppleving. I nordavinden blei det lagt opp eit løp med start Teistane målbøyen – Teistane – mål, lengde 8,1Nm (nautiske mil) kortaste veg.

10 båtar stilte til start. Med fleire store båtar har det blitt ny inndeling i klassane, no er minste klasse til og med lys 1.20 og største frå lys 1.21.

- Til første runding hadde Marlin og Piano kome seg forbi båtane i første start og runda først med Ina Kristine tett på. Resten av båtane kom som perler på ei snor, skriv Tina for II-skipper Svein Skoglund i ei melding.

Spinnakarane kom opp og det blei fartsfylt slør til runding målbøyen. Vinden hadde løya ein del og båtane som hadde startet med redusert seglføring skifta til større segl.

Sekundstrid
I klasse til og med 1.20 ble det til slutt ein sekundstrid mellom dei tre første båtane, Ina Kristine med Janet Lepsøy, (Lys 1.16) kom først i mål, 3 sekund før Tina for II med Svein Skoglund (Lys 1.16).

Berre 1 sekund seinare kom Akina med Leif M. Hetleflåt, og dette etter 1 time og 50 minutt med segling. Resten av flåten kom nokre minutt bak.

Piano suveren
I den største klassen kom Marlin med Hermod Opstvedt (lys 1.29) først i mål, men ble slått av Piano med Sverre Holm, (Lys 1.23) med 5 minutt og 44 sekund på korrigert tid.

På 3. plass kom Lisa med Paul Ø. Mehammer, som var uheldig og fekk øydelagt festet på spinnakerbommen.
Piano vann også overall med 3 min. og 59 sek. Andreplass tok Ina Kristine medan Tina for II på neste plass.

Marlin, som kom først i mål, kom med sitt høge lystal på 5. plass.

Sjå alle resultat på www.os-seilforening.org

- No ser vi fram til den store utfordringa Sparebanken Vest Huftarøy Rundt som startar Kristi Himmelfartsdag, ein regatta der alle kan delta, seier Skoglund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.