Nydeleg turvêr
Bildeserie: Sundagen starta med regn, men blei vakker og varm. Det var det mange som ville nytta til ein tur ut i marka.
Med ei oktoberhelg kor det var 17-18 varmegrader natt til sundag til tross for mykje regn. Då sundagen kom letta det tidleg med blå himmel og sol. Det var det mange som visste å nytta seg av.
– Vi hadde tenkt oss på Lyshornet, men der ute var det ikkje råd å finna parkering, fortel eit turfølgje Midtsiden møtte på Tøsdal.
Også på den nye parkeringa på Tøsdal var det tett med bilar og turgåarar på veg til Linken, Møsnuken og Borgafjellet.
Men om ein ikkje ønskjer ein så stri tur, er den nye turstien frå Tøsdal til Nordmarka eit godt alternativ.
Sentrumsnær rundløype
Tek du utgangspunkt i sentrum og parkerar ved ungdomsskulen, barneskulen eller Rema på Kuven har du tilgang på ei omlag 7,5 km lang rundløype i lettgått terreng. Frå Sveo/Osstølen følgjer du stien inn mot Hesteløypa. Stien er tilrettelagt, men nokre stader er det blaut og litt vanskeleg å komma fram med tildømes barnevogn, men med litt buksering så klarar du det.
Etter omlag 500 meter kjem du inn i Hesteløypa og kan følgje denne opp til Tøsdal. Er du heldig kan du til og med få glimt av hjort, slik som vi gjorde tidlegare i haust.
Vel oppe på Tøsdal er det berre å følgje den nye turstien som er lagt oppå vassledninga mellom Tøsdal og Nordmarka. Frå Nordmarka er det berre å følgje Borgavegen ned att til sentrum.
Turen tek omlag halvanna time i roleg tempo. Har du med deg ungar, finnst det fleire fine plassar for å ta ein rast.