Nye dødsleikar
Søndag visar Bygdekinoen andre film i den populære triologien The Hunger Games, The Hunger Games: Catching Fire.

For to veker sidan blei billettane til den norske barnefilmen Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa reve vekk då filmen skulle visast i Oseana. Søndag får dei som ikkje fekk billettar fyrste gong ein ny sjanse til å få med seg den populære barnefilmen når Bygdekinoen igjen vitjar Oseana.
The Hunger Games: Catching fire
Den andre filmen som visast søndag er andre film i triologien Hunger Games, basert på dei populære ungdomsbøkene med same namn.
Catching Fire startar der den fyrste filmen sluttar. Katniss Everdeen har kome trygt heim etter å ha vunne dei 74. årlige Dødsleikane i lag med tributten frå same distrikt, Peeta Mellark, Som vinnarar av Dødsleikane må dei forlate vener og familie for å legge ut på ein sigersturné til alle dei andre distrikta.
På reisa merkar Katniss seg eit ulmande opprør blant folket i distrikta. Men Capitol har framleis full kontroll og President Snow held fram med forbredingane til dei 75. årlige dødsleikane - Kvartsekelspelet - ein konkurranse som kan endre Panem for alltid.
The Hunger Games: Catching Fire er regissert av Francis Lawrence, og blir produsert av Nina Jacobsen Color Force i samarbeid med produsent Jon Kilik. Boka som filmen er basert på, er den andre i rekkja i trilogien som har seld over 50 millionar eksemplar berre i USA.
Filmen har aldersgrense 11 år.
Regi: Francis Lawrence
Skuespillere: Jennifer Lawrence, Josh Hutcherson, Liam Hemsworth, Philip Seymour Hoffman, Elizabeth Banks, Sam Claflin, Jena Malone, Woody Harrelson, Stanley Tucci, Willow Shields, Donald Sutherland, Amanda Plummer, Toby Jones, Jeffrey Wright, Alan Ritchson, Paula Malcomson, Lenny Kravitz
Sjanger: Action / Drama / Eventyr / Thriller
Tid: Søndag 1.desember klokka 19.00
Jul i Flåklypa visast klokka 16.00.