Nye G-Sport
Etter fleire år med god vekst brukte G-Sport-gutane årets påske på full ombygging av butikken på Osøyro. I dag er det nyopning.


Christer Brandsdal overtok som butikksjef på G-Sport Os i januar 2006. Han har truleg gjort ein god jobb.
− Vi har auka den årlege omsetnaden med over 50 prosent sidan då. No vil vi bygga om for å få endå betre utstillingar, og ein meir praktisk butikk, seier Christer.
Suksess med ryddesal
Like før påske fekk G-Sport god hjelp til å tøma butikken, på fire dagar selte dei meir enn på to normale månadar.
− Med halv pris på alle varer blei det fort ribba. No kan vi fylla ombygd butikk med nesten berre nye varer.
Flat pedal
Onsdagen før skjærtorsdag var siste opningsdag før ombygging. I påsken gjekk eigarar og tilsette grundig til verks.
− Alt er nytt, frå golv til tak, inne og ute. Ny dekor på vindauga gjev mindre innsyn, og dekka vindauge gjev oss større utstilling i butikken.
- Sykkel og sko er viktige varegrupper for oss, spesielt på denne tida av året, så den rundt 200 kvadratmeter store butikken blir fylt opp med mykje spennande for dei som likar turar til fots eller på to hjul, lovar Christer Brandsdal.