Næringsliv | 06. mai 2019

Nye huseigarar på Torget

Lokalet som Os Blomsterservice flytta ut av er selt.

Nye huseigarar på Torget
Bjørnafjorden Invest AS har kjøpt lokalet som Os Blomsterservice i fjor flytta ut av. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. mai 2019 09:54

I november i fjor flytta 30 år gamle Os Blomsterservice frå Torget til Sentrumskvartalet.

Roald Stigen, far til Lena Stigen på Toppen Frisør Os AS i nabolokalet, eig dei to lokala på gateplan.

– Eg hadde interessentar på lokalet, men enda med å selja det, fortel Roald.

Lokalet inkluderer òg delar av det som var motebutikken Baronessen, i bakkant mot Baronselva, og er på til saman 116 kvadratmeter.

– Kjøpar er ein gjeng lokale, dyktige karer som eg kjenner godt, og som eg trur vil vidareutvikla lokalet til det beste for Os sentrum.

Kjøper seg gradvis opp i sentrum

Det er Bjørnafjorden Invest AS som har kjøpt det todelte lokalet på gateplan. Selskapet, som er eigd av Thomas Olsen, Jan Eirik Tvedt Skjeldal, Kjell Morten Søvik og Stein Ole Moberg, blei etablert i samband med kjøp av Lehrmanns-bygget i 2016.

Seinare har dei kjøpt ein etasje i Tønjumgården, for utleige av kontor, og første etasje i Stegen 2, der blant anna Macbox og Midtsiden tidlegare heldt til.

– Då vi fekk sjanse til å kjøpa oss eit lokale på Torget slo vi til. Storleiken er passeleg for ei rekkje ulike leigetakarar, og plasseringa ser vi på som veldig god, seier Thomas.

– Interessa for lokalet har allereie vore stor. Vi vurderer å halda på inndelinga, med eitt lokale bak mot Baronselva og eitt fram mot Torget, og vil rusta opp for utleige når vi veit kva som skal inn i lokalet.

Bjørnafjorden Invest er opptatt av å delta i å laga ein god miks av leigetakarar på Øyro. I Lehrmanns-bygget blei det vidare som før, med restaurant på gateplan og utestad i andre etasje, på Torget ønskjer dei å få inn noko anna enn servering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.