Sport | 14. okt. 2010

To nye juniorlag

Jente- og gutespelarane i Os får fleire alternativ å velja mellom når Lysekloster IL utvidar med to lag.

To nye juniorlag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. okt. 2010 07:20

Det er mange fotballspelarar i Os, men ikkje så mange alternativ for dei som vil halda fram med idretten sin etter at dei har passert 16 år.

- Os har eit godt juniorlag som får påfyll frå eit godt gutelag, så det er kamp om plassane. For å sikra plass til våre eigne ungdomar har vi bestemt oss for å starta juniorlag både på jente- og gutesida, seier Ørjan Sandal.

Os Turn Fotball nøyar seg med eitt juniorlag då både A-laget og Os 2 hentar fleire junior- og gutespelarar opp på seniornivå.

Sårbar alder
Sandal, som trener seniorlaga til Lysekloster, har også hovudansvar for dei nye juniorlaga.

- Det er lett for å slutta med idrett, i alle fall organisert idrett, når du er 16 år. Skule og nye interesser tar over for mange, derfor er eg glad for at vi bestemte oss for å laga eit tilbod til dei som vil halda fram.

Idrettslaget har gjort undersøkingar blant spelarane sine. Det ser ut som om dei to laga får 16 spelarar kvar.

- Vi har også ein del av desse som får spela seniorfotball på 5. og 6. divisjonsnivå neste år, og vi tar imot spelarar frå heile kommunen, seier Sandal.

Nystarta på Nore Neset
Nore Neset idrettslag gjorde det same på gutesida i fjor.

- Det er ein del spelarar som vil halda fram med fotball sjølv om dei ikkje har like høge ambisjonar som juniorane på Os. Dei beste, og dei som vil trena meir enn to gongar i veka, anbefalar vi å byrja på Os, seier gutetrenar Odd Jarle Hjelle.

- Gutelaget vårt har sju som skal opp til juniornivå neste år. Tre av desse reiser vekk på skule, dei andre reknar eg med held fram på juniornivå, nokre på Os, andre heime på Nore Neset.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.