Næringsliv | 08. des. 2009

Nye leigetakarar

Ei bedrift under etablering blir saman med MS Midthordland nye leigetakarar i Os Næringspark.

Nye leigetakarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. des. 2009 10:28

Os Næringspark får to nye leigetakarar. Det Midthordlandske Dampskibsselskab AS, som eig MS Midthordland overtok i oktober kontorlokalet Kr. Hjemdal Takstforretning MNF flytta ut av. Fløysand Blikk, eit firma som er under etablering som aksjeselskap, får lokalet ved Os Asvo ut mot parkeringsplassen i front/sør.

Veks på tak
Fløysand Tak AS har hatt eit godt år, med nær dobling i omsetnad frå 2008. Dei blir hovudaksjonær i Fløysand Blikk AS.

- Eigarstrukturen er ikkje heilt bestemt enno. Førebels har vi skaffa lokale, bestilt maskiner og gjort avtale med erfarne blikkenslagarar som skal byrja å jobba hos oss. Verksmeisteren har 30 års erfaring frå yrke, dei andre har også fagbrev, seier Gudmund Fløysand.

Fløysand Tak bruker eksterne blikkenslagarar på jobbane sine, men blir no sjølvforsynt.

- Men det nye selskapet blir sjølvstendig og får også kapasitet til å ta oppdrag for andre enn Fløysand Tak, seier Gudmund, som reknar med at Fløysand Blikk er i drift frå februar eller mars 2010.

Million-støtte til Midthordland
MS Midthordland er eigd av Det Midthordlandske Dampskibsselskab AS, der husvertane Aspenes-brørne er aksjonær. «Bjørnefjordens dronning» ligg no på Dåfjorden Slipp på Fitjar for restaurering.

- Vi hadde først 450.000 kroner, som skulle brukast til å ta fordekket. Men då maling på skutesida, som var ny i vår, flassa av, blei skuta vassblåst. Då blei dårleg stål avdekka, fortel Espen Aspenes.

Riksantikvaren omprioriterte, det tekniske måtte først på stell. Fordekket måtte med det venta, medan meir midlar blei løyvd for å skifta ut gamalt stål.

- Vi har fått yttarlegare 500.000, men får 300.000 til om det trengs.

Drøye 150 kvm ledig
Os Næringspark har godt belegg, knappe 2 prosent av 10.000 kvadratmeter står no ledig.

- Det har vore ein del interesse for lokalet som Os Flis og Gulv flytta frå då dei utvida i etasjen over. Men vi ville pussa opp før vi viste dette fram til potensielle nye leigetakarar, og dette arbeidet er ikkje ferdig enno, seier Aspenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.