Lokal | 16. juni 2010

Nye midlar til gamal luft

Fylkesutvalget løyvde i dag 3,4 milionar kroner til vidare oppgradering av ventilasjonsanlegget på Os Gymnas.

Nye midlar til gamal luft
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. juni 2010 11:05

Det er i dag løyvd midlar til videre utbygging av nytt ventilasjonsanlegg på Os Gymnas.

Tidlegare (2008) er det løyvd 550.000 kroner til prosjektering og 4,8 millionar kroner (2009) ventilasjon i gymsalen. I dag er det mellomfasen i oppgraderinga som blir finansiert med ei ny løyving på 3,4 millionar kroner.

Det vil for 2011 og -12 bli prioritert midlar til tilsvarande nytt ventilasjonsanlegg i vestfløyen og austfløyen. Fleirtalskonstellasjonen FrP/H/KrF støttar denne prioriteringa.

- Det er på høg tid at gymnaset får nytt ventilasjonsanlegg. Det gamle frå 1968 har ikkje fungert tilfredstillande på mange, mange år, seier medlem i Fylkesutvalet Terje Søviknes (FrP) som sjølv har vore elev ved Os Gymnas tilbake på 1980-tallet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.