Lokal | 23. nov. 2010

Nye millionar frå Grieg

Grieg Foundation set av ytterlegare 10 millionar til Oseana for å letta lånebelastninga for driftsselskapet.

Nye millionar frå Grieg
Andris Hamretirsdag 23. nov. 2010 10:33

I formannskapet tysdag kom ordførar Terje Søviknes med ei gladmelding om at Greig Foundation set av ytterlegare 10 millionar til Oseane. Midlane blir sett av primært som eit rentefond, slik at ikkje lånebelastninga blir for stor for driftsselskapet Oseana KF i opningsåra.

Os kommunestyre godkjende 26. oktober ny samla finansieringsplan for Oseana kunst- og kultursenter. Os kommune gjekk inn med 24 millionar i frisk kapital og 25 millionar blei lagt som eit lån i driftsselskapet i påvente av statleg medfinansiering i prosjektet.

- Det er ein ny fantastisk gåve frå Grieg Foundation som gjer at vi no kan sjå fram mot opning av senteret med ro kring byggefinansieringa, seier ordførar og styreleiar i Oseana KF Terje Søviknes.

- Vi mener framleis at staten bør ta del i spleiselaget, men dette gjev oss handlingsrom og tid til å jobba målretta med dette dei neste åra, fortel Søviknes.

Bidreg med 65 millionar
Samla bidrag frå Grieg Foundation til Oseana er etter dette på heile 65 millionar kroner. Saman med omlag 20 millioner frå andre private selskap og einskildpersonar gjer dette at meir enn 50% av Oseana er finansiert med gåver frå private.

- Det heile er eit eventyr av eit eksempel på Offentleg-Privat-Samarbeid innan kulturfeltet, avsluttar Terje Søviknes.

Søviknes orienterte òg formannskapet om at byggestyret for Oseana hadde vedteke at bygget skal ferdigstillast i månadsskiftet april/mai 2011. Når opninga skjer vil bli beslutta av driftsstyret for Oseana i løpet av kort tid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.