To nye scenar til sommaren
Oseana lanserte sommarprogrammet og introduserte to nye scenar, blant anna med Fristorp/Sandvik og sommarshow.
Arrangementssjef Berit Steen feira bursdagen sin med å lansera eit spennande og variert sommarprogram for Oseana.
- I fjor hadde vi nok å henga fingrane i med opning av huset.
- I år gamblar vi på høgt nivå og satsar på godvêr, smilte arrangementssjefen då ho presenterte to nye scenar i og på bygget.
Utescene med konsertar og humor
For å feira sommaren etablerer Oseana scene på terrassen mot Mobergsvikjo.
- Her startar vi med bryggjedans St. Hansaftan etter feiringa i vikjo er ferdig.
- Ohms Love med musikarar frå Bergen speler opp til dans, så det er berre å ta med danseskoa.
Vidare utover sommaren kjem Göran Fristorp og Viggo Sandvik med Taube og Prøysen (19. juli) og Standup Norge med Cecilie Steinmann Neess, Nils Ingar Ådland (aktuell på Senkveld på TV2) og Jonna Støme (26., 27. og 28. juli).
Kammerscene med Grieg
I Griegsamlinga etablerar dei ei fast kammerscene med konsertar mest kvar sundag klokka 19.
- Det blir ein serie med klassiske konsertar i samarbeid med Musikana Nord i Bergen.
- På programmet står mellom anna norske og russike meisterverk, firhendige folkedansar og norwegian folk meets the the Carlifonia Coast.
- Eg er svært nøgd med programmet og ser ingen grunn til å forlata Osbygda i sommar, avsluttar Steen.
Billettsalet til arrangementa har starta.