Næringsliv | 21. mars 2017

Nye skisser til ledig AMFI-lokale

– Vi har eit par interessentar, og det er i grunnen godt å ha noko å tilby etter gamalt, seier Solveig O. Hunhammer.

Nye skisser til ledig AMFI-lokale
Eitt av dei tre alternativa til nytt inngangsparti til det ledige lokalet over Europris. (Skisse: Thon Eiendom)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. mars 2017 21:14

Bildeserie:

Tilbygget der Europris har inngang var ferdig i fjor sommar. (Foto: KVB)
Tilbygget der Europris har inngang var ferdig i fjor sommar. (Foto: KVB)
Tilkomsten til det ledige lokalet har varmekablar. (Foto: KVB)
Tilkomsten til det ledige lokalet har varmekablar. (Foto: KVB)
Det ledige lokalet er skravert i raudt og er på 421 kvm. (Skisse: Thon Eiendom)
Det ledige lokalet er skravert i raudt og er på 421 kvm. (Skisse: Thon Eiendom)
Fasaden skal prydast med nytt inngangsparti. Her er alternativ 1. (Skisse: Thon Eiendom)
Fasaden skal prydast med nytt inngangsparti. Her er alternativ 1. (Skisse: Thon Eiendom)
Alternativ 2 liknar hovudinngangen. (Skisse: Thon Eiendom)
Alternativ 2 liknar hovudinngangen. (Skisse: Thon Eiendom)
Alternativ 3. (Skisse: Thon Eiendom)
Alternativ 3. (Skisse: Thon Eiendom)
1 av 6
Tilbygget der Europris har inngang var ferdig i fjor sommar. (Foto: KVB)
Tilkomsten til det ledige lokalet har varmekablar. (Foto: KVB)
Det ledige lokalet er skravert i raudt og er på 421 kvm. (Skisse: Thon Eiendom)
Fasaden skal prydast med nytt inngangsparti. Her er alternativ 1. (Skisse: Thon Eiendom)
Alternativ 2 liknar hovudinngangen. (Skisse: Thon Eiendom)
Alternativ 3. (Skisse: Thon Eiendom)

– Vi har eit par interessentar, og det er i grunnen godt å ha noko å tilby etter gamalt, seier Solveig O. Hunhammer.

Då AMFI Os i fjor blei utvida og Europris kom på eitt plan, blei Europris sin tidlegare 2. etasje ståande ubrukt. Lokalet fekk ny tilkomst, via taket på nybygget, og er no klar for vising til potensielle leigetakarar.

– Vi har ikkje innreia lokalet, vi vil legga rør og straum etter leigetakar sitt behov. Om vi får signert avtale no i vår kan vi ha lokalet klart til bruk over sommaren, seier Solveig Oksholm Hunhammer, eigedomssjef i Amfi Drift AS, Olav Thon Eiendom.

Lokalet er på 421 kvadratmeter og er meir eller mindre identisk med det som var 2. etasje hos Europris.

– Det er bygd sprinkelanlegg og ny ventilasjon, med nytt teknisk rom, men dette ligg i motsett ende av bygget, og tar ikkje av utleigelokalet.

Entré med varmekablar

Då planlegginga av tilbygget byrja blei det vurdert å gjera taket på tilbygget til parkeringsplass. Det ville òg gjeve tilkomst med bil tettare på det ledige lokalet.

– Erfaringar med grunnen frå tidlegare byggearbeid, både den store utvidinga av senteret i 2006 og bygginga av rundkøyringa, gjorde at vi slo det frå oss. Med parkeringsanlegg på taket måtte vi hatt endå meir stabil grunn, og det er både kostnadar, tidsbruk og risiko knytt til gravinga og spuntinga vi har sett tilsvarande av på tomta tidlegare.

I staden fekk tilbygget eit tak eigna for gange, med rampe for rullestol, barnevogn og handlevogn, og trapp direkte frå inngangen i glasfasaden mot sør.

– Det er lagt varmekablar på området utanfor det ledige lokalet, for å sikra trygg og god ankomst året rundt.

Viser ulike skisser til potensielle leigetakarar

Sjølv om lokalet ikkje er innreia, er det no lagt til rette for at eigedomssjefen kan visa det fram.

– Vi har òg fått teikna fasaden på bygget med ulik design på inngangspartiet. Nett no er det berre ei vanleg dør der, men når vi får leigetakar vil vi laga noko som ser finare ut og som har meir praktisk form.

Hunhammer er ikkje framand for at leigetakar kan ha litt andre opningstider enn resten av senteret, sidan det har eigen inngang. Til samanlikning er 421 kvadratmeter omtrent same storleik som Kid har på senteret (419 kvm).

– No har vi jobba med eit par interessentar, og det er mogleg at det blir avgjerd om ikkje så lenge. Det har ikkje vore lange perdioar (periodar )med ledige lokale dei siste åra, så akkurat no var det hyggeleg å ha noko å tilby.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.