Lokal | 06. jan. 2021

Nye smittetilfelle - alle i samband med innreise

Måndag var det rekordmange nye tilfelle, tysdag nokre færre.

Nye smittetilfelle - alle i samband med innreise
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. jan. 2021 08:22

I går fortalte Bjørnafjorden kommune om heile åtte nye smittetilfelle. Det er ny rekord.

Ordførar og kommuneoverlege inviterte til pressekonferanse utanfor rådhuset. Der oppmoda dei innbyggarane om å halda fram med å vera flinke på smittevern - og svarte på desse spørsmåla (+).

I dag fortel kommunen at tre nye fekk konstatert covid-19 tysdag.

Dette er kanskje færre enn frykta. Då 7 smitta på éin dag var rekord i november, kom det fleire dagar med tangering av rekord og i alt 26 smitta på 5 døgn.

Alle er smitta i utlandet

Dette er dei som fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går:

  • Mann i 50-åra
  • Mann i 30-åra
  • Kvinne i 30-åra

Alle tre fekk påvist smitte i samband med innreise til Noreg. Ingen har nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune.

Av dei 8 smittetilfella måndag var det 2 i samband med innreise og 4 som er nærkontaktar av folk som har vore i utlandet.

– Smittevegen er kjent, så det er ikkje ein ukontrollert spreiing i kommunen, sa kommuneoverlege Klaus Melf.

Smittetest ved innreise og nylansert digital registrering ved ankomst hjelper på.

Dei nye smittetilfella er heller ikkje med den muterte versjonen av koronaviruset.

Vaksinasjonen er i gang

I dag er den første dosen med covid-19-vaksine sett på Luranetunet.

Vi kjem med meir om dette i eiga sak.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Totalt smitta: 117
5. januar: Tre nye smitta, alle i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle
Totalt i 2020: 104.
Sjå liste over alle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.