Lokal | 28. okt. 2020

Nye smittevernråd frå Bjørnafjorden kommune

Oppdaterte retningslinjer.

Nye smittevernråd frå Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. okt. 2020 16:50

Måndag kom regjeringa med skjerpa smittevernreglar, blant desse er maks 5 gjestar i privat samanheng og maks 50 innandørs på offentlege arrangement.

Tysdag kom Bergen kommune med lokale innstrammingar, blant anna påbod om munnbind på offentleg stad der du ikkje kan halda éin meter avstand.

– Det er naturleg at vi følgjer med på kva som skjer i Bergen når vi formar nye, lokale smittevernråd for Bjørnafjorden kommune, sa assisterande kommunedirektør Nils-Petter Borge i kommunestyret tysdag kveld.

Han fortalte om komande møte onsdag formiddag før administrasjonen ville koma med desse. Onsdag ettermiddag lovde kommunedirektør Christian F. Fotland at råda skulle vera klare til klokka 18 i dag.

– For å hindra smittespreiing til Bjørnafjorden og dei andre nabokommunane til Bergen, anbefaler Folkehelseinstituttet (FHI) at vi innfører nokre av dei same smitteverntiltaka som Bergen, fortel kommunen i ei pressemelding i ettermiddag.

Desse anbefalingane gjeld i Bjørnafjorden kommune:

  • Ikkje meir enn 5 gjester heime, i tillegg til dei du bur med. Dette er i tråd med dei nasjonale retningslinjene.
  • Maksimalt 50 deltakarar på offentlege arrangement utan fast sitteplass. For arrangement med faste sitteplassar gjeld framleis grensa på 200 personar.
  • Bruk munnbind på kollektivtransport til og frå Bergen dersom du ikkje kan halda 1 meters avstand. I Bergen kommune er det påbode med munnbind på kollektivtransport.
  • Serveringsstader har system for registrering av gjestar.
  • Serveringsstader som serverer alkohol, slepp ikkje inn gjestar eller serverer ikkje brennevin etter klokka 24.
  • Lyden på utestader og serveringsstader er på eit slikt nivå at gjester kan halde ein samtale med 1 meters avstand.
  • For innbyggarar i Bjørnafjorden kommune som er avhengige av kollektivtransport til arbeidsstad i Bergen, anbefaler vi heimekontor, der det er praktisk mogleg og hensiktsmessig. Det same gjeld for bergensarar som har arbeidsstaden sin i Bjørnafjorden kommune.
  • Besøksrutinane ved sjukeheimane i Bjørnafjorden kommune er førebels uendra.

Anbefalingane om smitteverntiltak under gjeld frå og med 29. oktober til og med 26. november 2020.

– Hald avstand til dei du ikkje bur saman med eller omgår tett til vanleg. Meteren er faktisk - og framleis - det viktigaste og mest effektive smitteverntiltaket, oppmodar ordførar Trine Lindborg.

Dei nasjonale anbefalingane gjeld naturlegvis òg. Er du i Bergen må du dessutan følgja deira råd, som munnbind på offentleg stad.

To nye smittetilfelle i dag

Onsdag morgon gjekk kommunen òg ut med informasjon om to nye smitta.

Dette er dei to første denne veka, eit sambuarpar i 20-åra der smittevegen kan sporast til Bergen.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 23 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.