– Vi vil prøva å cruisa på godstemninga frå festivalen, seier Tor Egil Hylland om den tidlege starten på 2019-salet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nye tal for 2018 - og tjuvstart på 2019

I dag har Hylland fleire tal frå årets festival, i morgon startar billettsalet til Osfest 2019.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søker du på Osfest på Ticketmaster i dag, fem dagar etter at 2018-festivalen er over, ligg Osfest 2019 allereie ute.

– Ja, det stemmer. Vi har sett av ei lita mengde festivalpass og VIP-pass som kjem for sal i morgon, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland.

Osfest 2019 blir arrangert fredag og laurdag 9. og 10. august.

Dette er rekordtidleg salstart. Berre ved få tidlegare kampanjar har prisen på festivalpass vore under tusenlappen.

– Normalt har vi starta billettsalet i november eller desember, så folk kan kjøpa dagsbillettar eller festivalpass i julegåve. Utover året har prisane auka fram mot festivalstart. Men med den gode festivalen vi har hatt i år vil vi sjå om vi kan cruisa litt på den fine stemninga, og få tidleg start på 2019-festivalen.

• Tilbakeblikk: Sjå video og bildeserie frå Osfest 2018

Frå i morgon er det rett over 400 kroner å spara på pass framfor å kjøpa i døra fredag 9. august 2019.

– Sjølv om folk har inntrykk av at årets festival har gått bra, er det ein del som spør om det blir festival neste år. Dette er ein måte å svara ja på, seier Tor Egil med eit smil.

Grusplassen er reservert og det skal neste år òg jobbast med eit arrangement på dagtid laurdagen.

Over 2700 gjestar

Festivalleiinga såg tidleg at 2018 blei betre enn året før, minst 1200 kjøpte billett til fredagen, minst 1300 laurdagen.

– Vi har førebels ikkje meir eksakte tal, men det ser ut som om vi totalt var 2700-3000 på festivalen i år.

– Mange meiner vi var over 3000, sidan vi selte 3000 liter med øl, og normalt snitt er 0,8 liter per person, men eg liker å vera nøktern og korrekt med besøkstal, og vil ikkje seia at vi passerte 3000 utan at eg veit det.

I fjor var det cirka 800 + 1600 på festivalen.

Ei auke på over 1,1 million kroner

Andre tal er meir eksakte.

Billettomsetnaden er på over 1,9 millionar kroner, mot 1,5 millionar då dei i fjor gjekk med underskot.

Omsetnaden på mat og drikke er på over 1,5 millionar, så samla vekst i omsetnad går frå 2,4 til minst 3,5 millionar kroner frå 2017 til 2018.

– I år er utgiftene lågare, vi var under 1 million i artistbudsjett (eks. overnatting og artistpleie) for første gang. Vi veit at vi samla sett går med overskot, men ikkje kor mykje.

Vanskeleg å samanlikna

Rekordåret 2015 hadde ein samla omsetnad på cirka 5 millionar kroner, men dette er inkludert fleire arrangement.

– Her er festen på Nore Neset vesle nyttårsaftan inkludert, i tillegg er det medrekna cruise med MS Midthordland, konsert i VIP-telt torsdag kveld og tidleg på kvelden i festivalhelga. Vi hadde heller ikkje like eksakt teljing av publikum som no.

– Trass rekordlåge utgifter i år føler eg at vi klarte å laga ein veldig fin festival, kanskje den beste vi har hatt.

Fleire saker