Sport | 19. nov. 2009

Nye tider i 2. divisjon

Det doble opprykket til Os er spennande for det sportslege. Er det også spennande økonomisk?

Nye tider i 2. divisjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. nov. 2009 08:20

Os rykker opp til 2. divisjon og Os 2 rykker opp til 3. divisjon etter årets sesong. Betyr det auka utgifter for klubben, auka sponsorinntekter og billettsal også på Os 2 sine kampar?

Heimekampen mot Austevoll var innbringande for Os Turn. Billettsal til over 1100 på tribunen og godt sal i tre kioskar skapte inntekter på over 100.000 kroner. Men i 2010 ventar ein lang sesong for to lag.

Får fly - slepp overnatting
I 2008 brukte Os rundt 30.000 kroner per bortekamp, då kampane blei spelte mot lag i Haugesund, Stavanger- eller Kristiansand-området. I 2010 møter Os berre 4 lag frå Hordaland, Førde i Sogn og Fjordane og heile 8 lag frå Austlandet. Det høyres kanskje dyrt ut.

- Forholda har endra seg sidan sist vi var i 2. divisjon. Ein avtale med SAS gjer at vi har gratis fly til alle bortekampar. Hadde vi kome i liknande pulje som i 2008 kunne det blitt dyrt, for det går færre fly til Haugesund og Sola enne til og frå Gardermoen, så det ville nok blitt nokre overnattingar. Derfor er vi nøgd med årets pulje, seier Leif Gunnar Borgen, formann i fotballgruppa i Os Turn.

- Men litt kjem det likevel til å kosta, vi skal jo koma oss til å frå flyplassar, legg han til.

Dagleg leiar utan støtte
Dei siste åra har det vore snakk om å innføra lisens for 2. divisjon, med krav om blant anna dagleg leiar. I så fall ville det også vore ein sjanse for at det kom støtte til dagleg leiar-stilling.

- Dette blir nok utsett, men vi treng likevel nokon som tar det administrative arbeidet med å drifta klubben.

Os 2 i null?
Andrelaget til Os har hamna i ei publikumsvenleg pulje neste år, med motstadarar som Baune, Brann 2 og Fyllingen.

- Det får meg til å hugsa ein episode i 1991. Os rykte ned frå 1. divisjon i 1990, men vi rykte opp igjen som trear i avdelinga i 1991, bak Brann 2 og Fyllingen 2, som ikkje kunna rykka opp. Dessuten rykte Fyllingen sitt førstelag ned frå eliteserien same år.

- Eg hugsar Inge Ludvigsen den gong sa til media at han syntes det var unaturleg at førstelaget deira skulle spela mot Os i 1992, som andrelaget deira hadde slått året før. No har bordet snudd, seier Borgen i ei underhaldande avsporing.

Men blir det billettsal, open kiosk og speakerteneste for Os 2, slik det har vore for førstelaget og hos fleire andre 3. divisjonsklubbar i fylket?

- Andrelaget sine heimekampar kjem nok stort sett til å bli spelte måndagar, men det kan henda at vi sel billettar til nokre kampar, om ikkje anna enn for å dekka inn auka utgifter til dommarar, som er ei av få auka utgifter med at Os 2 rykker opp.

Sponsoravtalar og spelarkontraktar
Fleire sponsoravtalar gjekk ut denne sesongen, samstundes hadde hovudsponsor H-vinduet Magnor med i kontrakten ein auka pott neste år ved opprykk.

- Opprykket har sin verdi, no skal vi gjera ein innsats for å få nye kontraktar på plass.

- Arbeidet i tida som kjem vil gje oss svar på kva rammer vi har neste år. Dette skal inn i utkast til budsjett som vi skal legga fram for hovudstyret før vi går i dialog med spelarar om sesongen som kjem.

Hovudtrenar Frank Hellevik teikna toårskontrakt i fjor, det same gjorde blant anna kaptein Stian Lunde. Men det er fleire av spelarane som ikkje er på kontrakt, og nye kan koma til.

- Eg håpar vi har flest mogleg med oss vidare, og vi kjem til å stilla høge krav til nye som vil med i troppane, seier Leif Gunnar Borgen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.